Viser innlegg med etiketten Barnevogn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnevogn. Vis alle innlegg

lørdag 18. januar 2014

Manglande fyrstikker og pølsebål på Eika

I dag var vi ein tur på Eika, ei flott lita øy i Ulstein kommune. Øya har ingen fastbuande lenger, men i 2008 vart det bru til øya. Eika har sidan vore eit mykje brukt turmål for dei som ynskjer ein fin tur i skog og sjøkant. Eika er ikkje plassen ein søkjer til om ein vil ha dei aller luftigaste turmåla, men det var heller ikkje det vi var ute etter denne laurdags formiddagen. Vi var ute etter å kome oss ut, vere i aktivitet, leike oss i skogen og lage oss eit "pølsebål". Vi hadde med oss farmor og farfar, og hadde ein veldig fin tur. Tida går fort når ein koser seg slik ute. Takk til gode kollegaer for turtips. Her blir det å gå igjen
Fornøgde besteforeldre som ikkje lenger bur 10 timar unna, men 10 minutt...
 Han Ivar sa mykje bra
 Minsteguten leda an mykje av turen i dag. Mestringskjensle for han å vere litt først av og til
 Nede ved sjøen fann vi litt krabberestar. Eldstemann kunne ikkje forstå kvifor pappaen ikkje ville smake
 Kjekt når farfar gir litt spikkekurs
 Det vart omsider bål. Vi trudde det berre var å gi opp, då det viste seg at fyrstikkeska var klissblaut etter sist tur. Heldigvis kom akkurat nokre hyttefolk forbi, og dei ville veldig gjerne låne vekk litt fyr.
 Stas å grille sine eigne pølser.
 Og det er helst pølser det skal vere. Vi prøvde oss med fiskekaker og laks sist båltur, men då var det litt surmuling før det viste seg at det faktisk var veldig godt det også.
 Vi prøver ofte å bruke ved vi finn i naturen, men i dag lagde vi eit bål av medbrakte gamle "møbler"
 På veg til seters møtte den minste bukken bruse eit forferdeleg troll. Heldigvis slapp han unna etter å ha bedt så fint han kunne.
 Det var verre med den største bukkene bruse. Han måtte i kamp med det store sinte trollet. Det kunne sjå ut som at han tok det med knusande ro, og at han var sikker på seier allereie før kampen
  Han vart i alle fall seierherre, og trollet såg vi aldri noko meir til. Det kan difor anbefalast ein tur på Eika, både med barnevogn og besteforeldre.

fredag 14. desember 2012

Den friske halvtimen

I dag skulle Ole Terje og gutane vore i Sandnes. Slik blei det ikkje. Håvard har vore sjuk heile veka, og i natt vart det lite og ingenting søvn på han og oss. Det endte opp med avbrutt reise, legevisitt og antibiotikakur.

Nei alt blir ikkje som ein alltid har tenkt. 60+90+85års feiring og heile slekta samla, er sjelden vare, men vi satser på å komme sterkare tilbake til 70, 100 og 95års dagen:)

Det gjer utruleg godt å kome seg ut ein liten halvtime. Gjerne lenger, men det treng ikkje vere meir heller. Det gjeld å nytte og nyte dei små pausene ein kan gi seg sjølv.

I dag var anledninga soving for Håvard. Ein flott liten tur opp til Vassverket på Gamleeidet på kommunegrensa mellom Ulstein og Hareid. Utsikten utover Herøy, med Runde som flaggskipet, er fantastisk fin.

Truleg blir ikkje Håvard betre på ein-to-tre av ein slik tur, men det gir i alle fall ei frisk oppleving for foreldra.

Sender masse gratulasjonar ned til farfar Bjarne (60 år) , oldefar Gunnar (90 år) og oldemor Solveig (snart 85 år). Håper det blir ei flott feiring. Me er med i tankane...