Viser innlegg med etiketten pudder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pudder. Vis alle innlegg

fredag 8. februar 2013

Kveldstur i pudderet utanfor døra

Ingenting er som å nyte den lette, uspora snøen rett utanfor si eiga stove. Med ei god hodelykt, ekstra batteri, litt mat og drikke og ei dunjakke, kan ein få frisk luft, snøsprøyt og gode kjensler til seine kvelden.  
Anbefales...






mandag 4. februar 2013

Endelig snø

Ein heil januar utan snø å snakke om. Det føles veldig lenge for ein familie som er litt over middels interessert i det kvite gullet... Første helga i februar fekk vi smake litt på gleda ved å vere ute i snøen med både akebrett, ski og spader...
Utsikta frå kontoret til pappaen i huset
Bigset skule kledd i flott vinterdrakt

Melshornet 668 moh


Ut og ake på kvelden med refleksvest og god hodelykt .
Slår aldri feil...


Beklager bildekvaliteten. Det er stemninga som tel


Gøy at Håvard (2 år i går, den 03.02.13) er så gira på å prøve seg litt på ski . 


Litt hopping med pappa er stas


Litt varmt i koppen gjer godt for kroppen

Håvard har fått seg ein ny kamerat, Gaute:)

Pappaen i huset nytter sjansen til å få hoppe litt med dei gamle fjellskia... 

Eit sjeldent flatt unnarenn...
Søndagen vart diverre ein innedag, då Sondre fekk halsbetennelse. Vi satser på at han kjem seg fort på beina igjen, og slepp å ha vondt så lenge.


søndag 6. januar 2013

Vårslepp - i januar...

Noko er gale, vi syklar i januar... 
 Dette bildet er tatt i oktober.
Då hadde vi nesten ein meter med pudder i fjella. 
Resten av bilda er tatt i januar. 

Alt er klart for å nyte og nytte snøen. Skia er voksa, takboksen på taket, sko i rett størrelse til gutta er innkjøpt, og tida er satt av til å kome seg ut i det kvite gullet... Men, ikkje denne januarhelga.

Vi kan ikkje legge oss ned og grine i mangel av snø. Då får vi heller kose oss på sykkel, gå på eventyrtur til trimposten ( ja, pappaen i huset dikta eventyr samanhengande i nesten 4 km) og grille pølser på bål  i skogen saman med gode venner.

Det næraste vi kom vinterstemning og jul i helga, var når vi var med våre gode venner, familien Goksøyr si etterjul-tradisjon, nemleg pepperkakehus-knusing. Ei artig oppleving, som særkilt egna seg for fireåringen vår. Vi gjekk rundt pepperkakehuset med pinnar og ropte: "Vi skal knuse, vi skal knuse - pepperkakehuset".





For ein vinterglad familie, er det litt stusseleg å sjå vermeldingane framover, men det er langt frå stusseleg å få slike flotte opplevingar som vi har hatt denne helga. Det gjeld å sjå mulighetene. Sykkeltilhøva er supre nå om dagen...





Ha ei flott veke- gjerne med litt frisk luft:)