Onsdag denne veka hadde pappaen i huset ein fantastisk flott skitur i fjella her på øya (Hareidlandet). Lokalavisa Vikebladet har laga ei lita reportasje/bildeserie frå turen. Her kan du sjå bildeserien
Viser innlegg med etiketten utsikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utsikt. Vis alle innlegg
fredag 28. mars 2014
lørdag 22. mars 2014
Mykje snø i høgden
Nede i lavlandet her på øya er det lite som minner om vinter. Men, kjem ein seg opp i høgden er det overraskande mykje snø. I dag var eg og utvekslingsstudenten vår, Jiaen, på tur til Hasundhornet. Sko og akebrett viste seg å vere heilt feil fottøy i dag. Ein kan trygt seie at i alle fall eg sakna skia. Vi gjekk og vassa i snø til langt opp på låra, og aldri har ein tur opp på Hasundhornet tatt lengre tid. Men, fint var det. Og Jiaen fekk seg ei skikkeleg fjellbestigningsoppleving, sjølv om det "berre" var på Hasundhornet (533moh)
Etiketter:
familie,
friluftsliv,
rattkjelke,
ski,
utsikt,
vinter
onsdag 15. januar 2014
Januarlyset
Det beste med januar er lyset. Kvar dag blir lengre, og når sola står på er det som ein kraftig lyskastar er satt inn frå sida mot naturen. Ikkje ovanfrå, men frå sida. Til og med dei spede lyngplantene som stikk opp av snøen lager lange skuggar over den bare lyngheia. Ulsteinvik er ein fantastisk fin plass å bu i januar. Ein går berre rett ut frå døra og får dette med seg på ein totimars-tur.
fredag 8. februar 2013
Kveldstur i pudderet utanfor døra
Ingenting er som å nyte den lette, uspora snøen rett utanfor si eiga stove. Med ei god hodelykt, ekstra batteri, litt mat og drikke og ei dunjakke, kan ein få frisk luft, snøsprøyt og gode kjensler til seine kvelden.
Anbefales...
Etiketter:
Egotrip,
friluftsliv,
hodelykt,
luftetur,
pudder,
ski,
travel hverdag,
utsikt
mandag 4. februar 2013
Endelig snø
Ein heil januar utan snø å snakke om. Det føles veldig lenge for ein familie som er litt over middels interessert i det kvite gullet... Første helga i februar fekk vi smake litt på gleda ved å vere ute i snøen med både akebrett, ski og spader...
| Utsikta frå kontoret til pappaen i huset |
| Bigset skule kledd i flott vinterdrakt |
| Melshornet 668 moh |
![]() |
| Ut og ake på kvelden med refleksvest og god hodelykt . Slår aldri feil...
Beklager bildekvaliteten. Det er stemninga som tel
|
| Gøy at Håvard (2 år i går, den 03.02.13) er så gira på å prøve seg litt på ski . |
| Litt hopping med pappa er stas |
| Litt varmt i koppen gjer godt for kroppen |
| Håvard har fått seg ein ny kamerat, Gaute:) |
| Pappaen i huset nytter sjansen til å få hoppe litt med dei gamle fjellskia... |
| Eit sjeldent flatt unnarenn... |
Etiketter:
Barn,
familie,
gode venner,
luftetur,
pudder,
rattkjelke,
ski,
telemark,
utsikt
mandag 28. januar 2013
Når turgleda går i generasjonar
Lisjetind i sommarprakt
Mi aller første tindeoppleving på Sunnmøre var saman med ein god venn, Magnus Hatløy, på Lisjetind i Ørsta. Turen var ikkje så vanskeleg eller særleg lang, men utsikta var majestetisk og sjølve topp-punktet var relativt luftig. I boka "Fotturar på Sunnmøre" er turen beskrive som middels tung og med litt enkel klyving. Magnus er ein ung mann med svært mykje turerfaring, og kjenner fjella på Sunnmøre betre enn dei aller fleste på vår alder. For Magnus var nok dette ikkje den heftigaste tindeopplevinga, men for meg vart dette ei sterk naturoppleving. Det gav meg noko meir enn ein vanleg fjelltur. Det gav ein ny dimensjon å føle seg liten i noko ein allereie trudde ein var kjent og trygg på.Det har ikkje blitt så mange fleire tindar etter denne opplevinga. Det har ikkje stått på viljen eller tilgongen, vi bur nå tross alt her oppe. Det har berre ikkje blitt. Vi har vore mykje på tur og mykje på fjellet, men dei store tindane har vi ikkje trødd ned. Eg gløymer ikkje kva eg sa til Magnus på toppen av Lisjetinden denne flotte sommardagen i 2008.
"Dette er fantastisk. Dette er ein verdi eg vil gi vidare til Sondre"
Ein måned seinare var Sondre født, og sidan har tida gått nesten frå oss. Tindebestigninga har på mange måtar stått på stedet hvil, og dei store og luftige opplevingane i naturen har meir eller mindre uteblitt. Hadde nokon sagt til meg på førehand at friluftslivet og turane får eit heilt anna fokus, ville eg nok ha jatta litt med, og vore delvis enig. Innerst inne ville eg nok likevel tenkt at nei, ikkje vi. Vi skal klare å komme oss på heftige turar. Vi skal prioritere den gode kjensla det gir å vere ute i spennande og krevande terreng.
Gutane koser seg i lag på isen
Matpause saman med farfar og pappa er tingen
Eg sa det til ein kollega i dag. Det har tatt lang tid for meg å kome til det stadiet eg er på no. Eit stadie der eg set enda større pris på dei korte turane saman med dei korte beina til gutane våre, enn dei lange turane med mine "lange" bein åleine. For nokre skjer kanskje dette automatisk, men eg lyg om eg seier at dette fokuset kom av seg sjølv når eg vart pappa. Eg trur det gjekk skikkeleg opp for meg i helga. Det slo meg når eg skifta bleie på Håvard. Eg blir ikkje lenger "oppgitt" over å måtte skifte ei bæsjebleie etter berre 100 meter på tur. Eg kjenner eg heller koser meg med den kontakten vi har, og dei gode blikka minsteguten sender meg mens vi står der og skiftar bleie i fantastisk utsikt. Det skal også nemnast at bæsjelukta er på langt nær så sterk ute som inne på eit bad.
Skifting av belie utendørs er å foretrekke, i alle fall for lukta sin del...
Sondre har forstått at pappaen i huset er glad i å plukke never når vi er på tur. Ser vi eit tre med never er det å stoppe og plukke med seg litt i lommane, slik at vi kan ha det i neverposen neste gong vi skal brenne bål på tur. Vi har gått kanskje 50 meter, og bleia til minsten er enno ikkje fullt opp. Så ser Sondre eit tre med mykje flott og laus bjørkenever. Før eg har fått sukk for meg har han kome seg ned ei bratt skråning, gått over ein islagt bekk og klatra opp skråninga på andre sida for å kome til treet med never. Han roper for å få meg til å kome, og vi får ei roleg og god stund der vi står og plukkar massevis av god never. Han i sin høgde og eg litt lenger oppe på treet. Eg seier til Sondre at han kan hugse på det neste gong vi tenner bål, at det er han som har plukka neveren vi bruker no. Han seier seg stolt enig. Og etter eit halvminutt seier han:
"Og du pappa, kan hugse på det at det er du som har lært meg at det heiter never"
Turgleder som dukkar opp undervegs om ein tek seg tid til det
Det er då eg tenkjer at turgleda er noko som kan gis vidare i generasjonar.
Eg kan love deg at turlivet framover verken blir fritt for frustrasjon og tolmodighetsprøvar. Men, eg ser i alle fall no at det ynskjer eg å tole. Barna blir eit hinder mindre for å kome seg ut på tur i frisk luft. Så får vi heller glede oss til turane blir luftige...
Legg merke til skya. Hadde eg sett denne om eg hadde gått fort for å kome til toppen...?
Etiketter:
Barn,
bensin,
besteforeldre,
Egotrip,
familie,
friluftsliv,
leik,
Lisjetind,
motivasjon,
opplæring,
utsikt,
ved
tirsdag 15. januar 2013
Hyttetur i mange kalde
I helga var vi på hyttetur til hytta vår (mormor) nedanfor Bondalen i Ørsta. Det var eit heilt fantastisk strålande vintervêr, berre snøen mangla. Det er noko eige med det å reise inn på hytta rett etter jobb ein fredag ettermiddag. Både mamma og pappa i huset er slitne etter ei lang arbeidsveke, og gutane er superklar for litt god fritid i lag alle saman.
Vel inne på hytta hadde mormor fyrt i peisen og laga det koseleg til vi skulle kome. Vi fekk laga oss ein deilig tacomiddag før gutane fann senga for kvelden. Det var ikkje vanskeleg å sovne denne kvelden. Snakk om luksus.
Besøk
Lørdag morgon fekk vi besøk av familien Goksøyr. Dei hadde med seg primus, og vi fekk laga oss deilige pannekaker ute. Til tross for rundt 10 kalde, var vi ute i mange timar denne dagen, og både små og store kosa seg veldig i finvêret.
Isvandring
Familien Sukka og mormor fekk oss ein veldig trivelig tur oppover mot Brekkesetra. Dette er ein tur som kan anbefalast for både korte og lengre bein. Vi gjekk ikkje heile turen denne gongen, men kanskje vi er klare for å kome oss heilt opp til setra til sommaren. Stien er flott hellelagt av Hans I Brekke, og det er til og med sett opp ein minnestein i starten av stien. Ynskjer du å prøve denne turen, kan du sjå på dette kartet. Starten går like ved Brudavolltunet i Ørsta kommune.
På turen var isvandring det store. Spesielt for Håvard. Han kunne nesten ikkje få nok av det å prøve å kome seg fram på isen. Kjekt når det går an å finne på noko så spennande, sjølv om det er glatt og snøen manglar.
Verre var det med han Håvard. Turen vart litt i tyngste laget for så små bein, så han blei sittande på ryggen til Hanne Marte det meste av turen opp. Det skulle vise seg at vi hadde kledd for lite på han, og han blei skikkeleg kald etter kvart. Vi fekk pakka han godt inn i ein isolert fjellduk på toppen, men det var nok litt for seint. Guten var allerede godt nedkjølt.
Då var det bare å sette han på ryggen, ta fjellduken over oss og gå fort ned igjen til bilen. Det er ikkje så lett å vere liten når ein ikkje kan få sagt i frå om at ein er kald, og ein kanskje ikkje kjenner så mykje før ein er veldig kald.
Vel heime var det veldig deilig å kunne legge seg under dyna med beina på magen til mamma og Brannmann Sam på mobilen. Ein halvtime seinare var alt gløymt og humøret på topp igjen. Moralen frå turen var: det er godt vi lærer av dei små feila, slik at vi kan unngå dei store feila.
Vel inne på hytta hadde mormor fyrt i peisen og laga det koseleg til vi skulle kome. Vi fekk laga oss ein deilig tacomiddag før gutane fann senga for kvelden. Det var ikkje vanskeleg å sovne denne kvelden. Snakk om luksus.
Besøk
Lørdag morgon fekk vi besøk av familien Goksøyr. Dei hadde med seg primus, og vi fekk laga oss deilige pannekaker ute. Til tross for rundt 10 kalde, var vi ute i mange timar denne dagen, og både små og store kosa seg veldig i finvêret.
Isvandring
Familien Sukka og mormor fekk oss ein veldig trivelig tur oppover mot Brekkesetra. Dette er ein tur som kan anbefalast for både korte og lengre bein. Vi gjekk ikkje heile turen denne gongen, men kanskje vi er klare for å kome oss heilt opp til setra til sommaren. Stien er flott hellelagt av Hans I Brekke, og det er til og med sett opp ein minnestein i starten av stien. Ynskjer du å prøve denne turen, kan du sjå på dette kartet. Starten går like ved Brudavolltunet i Ørsta kommune.
Middag og stamp
På kvelden fekk vi besøk av Andreas og Eli Marte og ei kollega av Eli Marte (Silje). Vi kosa oss med god mat og avslutta kvelden med ein varm og god stamp i 9 minusgrader og ein stjernehimmel av dei sjeldne.
Nedkjølt
Søndagen pakka vi og reiste heim igjen til øya. På veg heim tok vi ein tur opp på Hasundhornet saman med Eli Marte, Andreas og to barn dei passa på. Og kan legge til at vi var egentlig saman med nesten alle andre på øya. Har aldri sett så mange på Hasundhornet før nokon gong. Sondre var veldig flink og gjekk heile turen opp uten å klage ein einaste gong. Når han til og med fekk spørsmål om han ville ha litt bensin på vegen, var han mest klar for å kome opp til toppen og sjå om nissen var der eller om han hadde tatt turen ned i varden og vidare opp til Nordpolen.Verre var det med han Håvard. Turen vart litt i tyngste laget for så små bein, så han blei sittande på ryggen til Hanne Marte det meste av turen opp. Det skulle vise seg at vi hadde kledd for lite på han, og han blei skikkeleg kald etter kvart. Vi fekk pakka han godt inn i ein isolert fjellduk på toppen, men det var nok litt for seint. Guten var allerede godt nedkjølt.
Då var det bare å sette han på ryggen, ta fjellduken over oss og gå fort ned igjen til bilen. Det er ikkje så lett å vere liten når ein ikkje kan få sagt i frå om at ein er kald, og ein kanskje ikkje kjenner så mykje før ein er veldig kald.
Vel heime var det veldig deilig å kunne legge seg under dyna med beina på magen til mamma og Brannmann Sam på mobilen. Ein halvtime seinare var alt gløymt og humøret på topp igjen. Moralen frå turen var: det er godt vi lærer av dei små feila, slik at vi kan unngå dei store feila.
Etiketter:
Barn,
bensin,
besteforeldre,
familie,
friluftsliv,
motivasjon,
utsikt
Abonner på:
Innlegg (Atom)


