Onsdag denne veka hadde pappaen i huset ein fantastisk flott skitur i fjella her på øya (Hareidlandet). Lokalavisa Vikebladet har laga ei lita reportasje/bildeserie frå turen. Her kan du sjå bildeserien
Viser innlegg med etiketten Egotrip. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Egotrip. Vis alle innlegg
fredag 28. mars 2014
onsdag 15. januar 2014
Januarlyset
Det beste med januar er lyset. Kvar dag blir lengre, og når sola står på er det som ein kraftig lyskastar er satt inn frå sida mot naturen. Ikkje ovanfrå, men frå sida. Til og med dei spede lyngplantene som stikk opp av snøen lager lange skuggar over den bare lyngheia. Ulsteinvik er ein fantastisk fin plass å bu i januar. Ein går berre rett ut frå døra og får dette med seg på ein totimars-tur.
fredag 8. februar 2013
Kveldstur i pudderet utanfor døra
Ingenting er som å nyte den lette, uspora snøen rett utanfor si eiga stove. Med ei god hodelykt, ekstra batteri, litt mat og drikke og ei dunjakke, kan ein få frisk luft, snøsprøyt og gode kjensler til seine kvelden.
Anbefales...
Etiketter:
Egotrip,
friluftsliv,
hodelykt,
luftetur,
pudder,
ski,
travel hverdag,
utsikt
mandag 28. januar 2013
Når turgleda går i generasjonar
Lisjetind i sommarprakt
Mi aller første tindeoppleving på Sunnmøre var saman med ein god venn, Magnus Hatløy, på Lisjetind i Ørsta. Turen var ikkje så vanskeleg eller særleg lang, men utsikta var majestetisk og sjølve topp-punktet var relativt luftig. I boka "Fotturar på Sunnmøre" er turen beskrive som middels tung og med litt enkel klyving. Magnus er ein ung mann med svært mykje turerfaring, og kjenner fjella på Sunnmøre betre enn dei aller fleste på vår alder. For Magnus var nok dette ikkje den heftigaste tindeopplevinga, men for meg vart dette ei sterk naturoppleving. Det gav meg noko meir enn ein vanleg fjelltur. Det gav ein ny dimensjon å føle seg liten i noko ein allereie trudde ein var kjent og trygg på.Det har ikkje blitt så mange fleire tindar etter denne opplevinga. Det har ikkje stått på viljen eller tilgongen, vi bur nå tross alt her oppe. Det har berre ikkje blitt. Vi har vore mykje på tur og mykje på fjellet, men dei store tindane har vi ikkje trødd ned. Eg gløymer ikkje kva eg sa til Magnus på toppen av Lisjetinden denne flotte sommardagen i 2008.
"Dette er fantastisk. Dette er ein verdi eg vil gi vidare til Sondre"
Ein måned seinare var Sondre født, og sidan har tida gått nesten frå oss. Tindebestigninga har på mange måtar stått på stedet hvil, og dei store og luftige opplevingane i naturen har meir eller mindre uteblitt. Hadde nokon sagt til meg på førehand at friluftslivet og turane får eit heilt anna fokus, ville eg nok ha jatta litt med, og vore delvis enig. Innerst inne ville eg nok likevel tenkt at nei, ikkje vi. Vi skal klare å komme oss på heftige turar. Vi skal prioritere den gode kjensla det gir å vere ute i spennande og krevande terreng.
Gutane koser seg i lag på isen
Matpause saman med farfar og pappa er tingen
Eg sa det til ein kollega i dag. Det har tatt lang tid for meg å kome til det stadiet eg er på no. Eit stadie der eg set enda større pris på dei korte turane saman med dei korte beina til gutane våre, enn dei lange turane med mine "lange" bein åleine. For nokre skjer kanskje dette automatisk, men eg lyg om eg seier at dette fokuset kom av seg sjølv når eg vart pappa. Eg trur det gjekk skikkeleg opp for meg i helga. Det slo meg når eg skifta bleie på Håvard. Eg blir ikkje lenger "oppgitt" over å måtte skifte ei bæsjebleie etter berre 100 meter på tur. Eg kjenner eg heller koser meg med den kontakten vi har, og dei gode blikka minsteguten sender meg mens vi står der og skiftar bleie i fantastisk utsikt. Det skal også nemnast at bæsjelukta er på langt nær så sterk ute som inne på eit bad.
Skifting av belie utendørs er å foretrekke, i alle fall for lukta sin del...
Sondre har forstått at pappaen i huset er glad i å plukke never når vi er på tur. Ser vi eit tre med never er det å stoppe og plukke med seg litt i lommane, slik at vi kan ha det i neverposen neste gong vi skal brenne bål på tur. Vi har gått kanskje 50 meter, og bleia til minsten er enno ikkje fullt opp. Så ser Sondre eit tre med mykje flott og laus bjørkenever. Før eg har fått sukk for meg har han kome seg ned ei bratt skråning, gått over ein islagt bekk og klatra opp skråninga på andre sida for å kome til treet med never. Han roper for å få meg til å kome, og vi får ei roleg og god stund der vi står og plukkar massevis av god never. Han i sin høgde og eg litt lenger oppe på treet. Eg seier til Sondre at han kan hugse på det neste gong vi tenner bål, at det er han som har plukka neveren vi bruker no. Han seier seg stolt enig. Og etter eit halvminutt seier han:
"Og du pappa, kan hugse på det at det er du som har lært meg at det heiter never"
Turgleder som dukkar opp undervegs om ein tek seg tid til det
Det er då eg tenkjer at turgleda er noko som kan gis vidare i generasjonar.
Eg kan love deg at turlivet framover verken blir fritt for frustrasjon og tolmodighetsprøvar. Men, eg ser i alle fall no at det ynskjer eg å tole. Barna blir eit hinder mindre for å kome seg ut på tur i frisk luft. Så får vi heller glede oss til turane blir luftige...
Legg merke til skya. Hadde eg sett denne om eg hadde gått fort for å kome til toppen...?
Etiketter:
Barn,
bensin,
besteforeldre,
Egotrip,
familie,
friluftsliv,
leik,
Lisjetind,
motivasjon,
opplæring,
utsikt,
ved
torsdag 17. januar 2013
Egotrip- er det nødvendig...?
I dag reiser pappaen i huset på ein skikkeleg egotrip til Oppdal. Ja, det føles litt slik. Ei helg der berre det er berre eg, og ingen andre å ta hensyn til. Ei helg der kona og gutane er heime og pappaen svir av penger på min store lidenskap, ski... Ei helg der ein får kvalitetstid med ein god venn, køyrt masse på ski, friske opp i teknikken og minne seg sjølv om kvifor ein tidlegare knapt kunne vente på at skisalget skulle starte i september/oktober. Eg røyker ikkje, eg drikk ikkje, eg køyrer ikkje fort med bil, eg oppsøker ikkje utrygge settingar og eg har trygge gode rammer rundt meg. Som du forstår, eg treng den spenninga skikøyringa gir...
Det blir ikkje mange slike helger i løpet av eit år, så dermed har eg ikkje dårlig samvit. Ekstra deilig er det å vite at kona unner meg dette veldig. Og kvar gong Håvard ser eit bilde av ein som står på ski, seier han "pappa, ski". Så truleg forstår dei også at behovet er stort for ei slik helg.
Det er ikkje mange åra sidan ei slik helg var heilt vanleg. Det blei mange turar, helger og nokre gonger veker på ski. Det var før ungane kom. Eg kunne aldri tenkt meg å bytte med slik det var før, livet har fått eit anna fokus. Det blir kanskje berre ei slik helg i år også, og då gjeld det berre å prøve å kome seg ut dei gongene det er mogleg.
Denne gongen klaffa alt. Hanne Marte hadde frihelg. Vervarselet viser strålande sol.Flybillett til 299,og ein god kompis som var minst like gira på å prøve skia som meg. Ein kan heller ikkje klage når ein får tak i skipakke med overnatting på hotell til 1kr natta. Spent på kvaliteten på hotellet...
Det betyr egentlig ingenting. Å reise på tur utan ungar er rimelig bekymringslaust. Om ting går litt skeis, har ein berre seg sjølv å tenke på. Om ein i verste fall må sove i bilen, er det ingen krise. Uten ungar kan ein ta det litt som det kjem.
Eg lovar å vere grei resten av året. Eg lovar å stille opp resten av året. Eg lovar å ta igjen oppvasken for helga. Eg lovar å fyre i peisen og gå ut med søpla. Eg lovar å støvsuge. Eg lovar å rydde i kjellaren.Eg lovar å ta la kona få fare på tilsvarande tur. Og ikkje minst lovar eg å ta med gutane (og kona) på slike helger når dei blir større. Så lenge eg får meg denne egotrip-helga saman med min gode venn, Robert:)
Køyr først du, så venter eg i botn...

Abonner på:
Innlegg (Atom)