torsdag 17. januar 2013

Egotrip- er det nødvendig...?

I dag reiser pappaen i huset på ein skikkeleg egotrip til Oppdal. Ja, det føles litt slik. Ei helg der berre det er berre eg, og ingen andre å ta hensyn til. Ei helg der kona og gutane er heime og pappaen svir av penger på min store lidenskap, ski... Ei helg der ein får kvalitetstid med ein god venn, køyrt masse på ski, friske opp i teknikken og minne seg sjølv om kvifor ein tidlegare knapt kunne vente på at skisalget skulle starte i september/oktober. Eg røyker ikkje, eg drikk ikkje, eg køyrer ikkje fort med bil, eg oppsøker ikkje utrygge settingar og eg har trygge gode rammer rundt meg. Som du forstår, eg treng den spenninga skikøyringa gir...

Det blir ikkje mange slike helger i løpet av eit år, så dermed har eg ikkje dårlig samvit. Ekstra deilig er det å vite at kona unner meg dette veldig. Og kvar gong Håvard ser eit bilde av ein som står på ski, seier han "pappa, ski". Så truleg forstår dei også at behovet er stort for ei slik helg.

Det er ikkje mange åra sidan ei slik helg var heilt vanleg. Det blei mange turar, helger og nokre gonger veker på ski. Det var før ungane kom. Eg kunne aldri tenkt meg å bytte med slik det var før, livet har fått eit anna fokus. Det blir kanskje berre ei slik helg i år også, og då gjeld det berre å prøve å kome seg ut dei gongene det er mogleg.

Denne gongen klaffa alt. Hanne Marte hadde frihelg. Vervarselet viser strålande sol.Flybillett til 299,og ein god kompis som var minst like gira på å prøve skia som meg. Ein kan heller ikkje klage når ein får tak i skipakke med overnatting på hotell til 1kr natta. Spent på kvaliteten på hotellet...

Det betyr egentlig ingenting. Å reise på tur utan ungar er rimelig bekymringslaust. Om ting går litt skeis, har ein berre seg sjølv å tenke på. Om ein i verste fall må sove i bilen, er det ingen krise. Uten ungar kan ein ta det litt som det kjem.

Eg lovar å vere grei resten av året. Eg lovar å stille opp resten av året. Eg lovar å ta igjen oppvasken for helga. Eg lovar å fyre i peisen og gå ut med søpla. Eg lovar å støvsuge. Eg lovar å rydde i kjellaren.Eg lovar å ta la kona få fare på tilsvarande tur. Og ikkje minst lovar eg å ta med gutane (og kona) på slike helger når dei blir større. Så lenge eg får meg denne egotrip-helga saman med min gode venn, Robert:)

Køyr først du, så venter eg i botn...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar