søndag 6. januar 2013

Vårslepp - i januar...

Noko er gale, vi syklar i januar... 
 Dette bildet er tatt i oktober.
Då hadde vi nesten ein meter med pudder i fjella. 
Resten av bilda er tatt i januar. 

Alt er klart for å nyte og nytte snøen. Skia er voksa, takboksen på taket, sko i rett størrelse til gutta er innkjøpt, og tida er satt av til å kome seg ut i det kvite gullet... Men, ikkje denne januarhelga.

Vi kan ikkje legge oss ned og grine i mangel av snø. Då får vi heller kose oss på sykkel, gå på eventyrtur til trimposten ( ja, pappaen i huset dikta eventyr samanhengande i nesten 4 km) og grille pølser på bål  i skogen saman med gode venner.

Det næraste vi kom vinterstemning og jul i helga, var når vi var med våre gode venner, familien Goksøyr si etterjul-tradisjon, nemleg pepperkakehus-knusing. Ei artig oppleving, som særkilt egna seg for fireåringen vår. Vi gjekk rundt pepperkakehuset med pinnar og ropte: "Vi skal knuse, vi skal knuse - pepperkakehuset".





For ein vinterglad familie, er det litt stusseleg å sjå vermeldingane framover, men det er langt frå stusseleg å få slike flotte opplevingar som vi har hatt denne helga. Det gjeld å sjå mulighetene. Sykkeltilhøva er supre nå om dagen...





Ha ei flott veke- gjerne med litt frisk luft:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar