Onsdag denne veka hadde pappaen i huset ein fantastisk flott skitur i fjella her på øya (Hareidlandet). Lokalavisa Vikebladet har laga ei lita reportasje/bildeserie frå turen. Her kan du sjå bildeserien
Viser innlegg med etiketten ski. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ski. Vis alle innlegg
fredag 28. mars 2014
lørdag 22. mars 2014
Mykje snø i høgden
Nede i lavlandet her på øya er det lite som minner om vinter. Men, kjem ein seg opp i høgden er det overraskande mykje snø. I dag var eg og utvekslingsstudenten vår, Jiaen, på tur til Hasundhornet. Sko og akebrett viste seg å vere heilt feil fottøy i dag. Ein kan trygt seie at i alle fall eg sakna skia. Vi gjekk og vassa i snø til langt opp på låra, og aldri har ein tur opp på Hasundhornet tatt lengre tid. Men, fint var det. Og Jiaen fekk seg ei skikkeleg fjellbestigningsoppleving, sjølv om det "berre" var på Hasundhornet (533moh)
Etiketter:
familie,
friluftsliv,
rattkjelke,
ski,
utsikt,
vinter
tirsdag 18. mars 2014
Vi har fått litt snø...
I helga fekk vi litt snø. Ikkje så mykje, men nok til å kunne kome seg ut på ski. Vi fekk oss fire kjekke turar ut på laurdag og søndag. Ikkje lenger enn til hagen på laurdagen, men på søndagen fekk vi kose oss i ein bakke lenger borte i gata. Ja til lokalturen og ja til skileik...
Sondre blei skikkeleg gira på hopping,og ekstra motivert vart han då vi lovde han å kjøpe og lage til ei hoppebok/skibok. Her kan han skrive opp kor mange hopp han har tatt, og kor langt han har gått. Kjekt når slike ting motiverer. Han hoppa vel over 50 hopp i løpet av helga:) Stor stas.
Håvard fann ut at det var veldig gøy å renne slalom med rattkjelken med mormor bakpå. Spesielt gøy var det når han svingte så kraftig at ho datt av i fart... Godt dei har ei sprek mormor som tåler eit fall og to:)
Sondre blei skikkeleg gira på hopping,og ekstra motivert vart han då vi lovde han å kjøpe og lage til ei hoppebok/skibok. Her kan han skrive opp kor mange hopp han har tatt, og kor langt han har gått. Kjekt når slike ting motiverer. Han hoppa vel over 50 hopp i løpet av helga:) Stor stas.
Håvard fann ut at det var veldig gøy å renne slalom med rattkjelken med mormor bakpå. Spesielt gøy var det når han svingte så kraftig at ho datt av i fart... Godt dei har ei sprek mormor som tåler eit fall og to:)
Etiketter:
Barn,
besteforeldre,
familie,
felles opplevingar,
leik,
ski,
snø,
Varleitet,
vinter
fredag 8. februar 2013
Kveldstur i pudderet utanfor døra
Ingenting er som å nyte den lette, uspora snøen rett utanfor si eiga stove. Med ei god hodelykt, ekstra batteri, litt mat og drikke og ei dunjakke, kan ein få frisk luft, snøsprøyt og gode kjensler til seine kvelden.
Anbefales...
Etiketter:
Egotrip,
friluftsliv,
hodelykt,
luftetur,
pudder,
ski,
travel hverdag,
utsikt
mandag 4. februar 2013
Endelig snø
Ein heil januar utan snø å snakke om. Det føles veldig lenge for ein familie som er litt over middels interessert i det kvite gullet... Første helga i februar fekk vi smake litt på gleda ved å vere ute i snøen med både akebrett, ski og spader...
| Utsikta frå kontoret til pappaen i huset |
| Bigset skule kledd i flott vinterdrakt |
| Melshornet 668 moh |
![]() |
| Ut og ake på kvelden med refleksvest og god hodelykt . Slår aldri feil...
Beklager bildekvaliteten. Det er stemninga som tel
|
| Gøy at Håvard (2 år i går, den 03.02.13) er så gira på å prøve seg litt på ski . |
| Litt hopping med pappa er stas |
| Litt varmt i koppen gjer godt for kroppen |
| Håvard har fått seg ein ny kamerat, Gaute:) |
| Pappaen i huset nytter sjansen til å få hoppe litt med dei gamle fjellskia... |
| Eit sjeldent flatt unnarenn... |
Etiketter:
Barn,
familie,
gode venner,
luftetur,
pudder,
rattkjelke,
ski,
telemark,
utsikt
søndag 6. januar 2013
Vårslepp - i januar...
Noko er gale, vi syklar i januar...
Dette bildet er tatt i oktober.
Då hadde vi nesten ein meter med pudder i fjella.
Då hadde vi nesten ein meter med pudder i fjella.
Resten av bilda er tatt i januar.
Alt er klart for å nyte og nytte snøen. Skia er voksa, takboksen på taket, sko i rett størrelse til gutta er innkjøpt, og tida er satt av til å kome seg ut i det kvite gullet... Men, ikkje denne januarhelga.
Vi kan ikkje legge oss ned og grine i mangel av snø. Då får vi heller kose oss på sykkel, gå på eventyrtur til trimposten ( ja, pappaen i huset dikta eventyr samanhengande i nesten 4 km) og grille pølser på bål i skogen saman med gode venner.
Det næraste vi kom vinterstemning og jul i helga, var når vi var med våre gode venner, familien Goksøyr si etterjul-tradisjon, nemleg pepperkakehus-knusing. Ei artig oppleving, som særkilt egna seg for fireåringen vår. Vi gjekk rundt pepperkakehuset med pinnar og ropte: "Vi skal knuse, vi skal knuse - pepperkakehuset".
Ha ei flott veke- gjerne med litt frisk luft:)
Etiketter:
Barn,
bensin,
bål,
familie,
friluftsliv,
hodelykt,
luftetur,
mat på bål,
pudder,
påhengsykkel,
ski,
sykkel,
vårslepp
torsdag 3. januar 2013
Julefeiring i bilde
Julefeiringa i år for familien Sukka var på hytta ved Vatnevatnet i Ørsta, saman med Hanne Marte sin familie. Utruleg kjekke dagar, der ein fann hytteroen og julestemninga i skjønn harmoni. Vesle julaftan hadde vi besøk av familien til Ole Terje, og svoger øyvind sin familie. Ved nærare ettersyn meiner Sondre at nissen hadde svært like sko som onkel Øyvind.
Vidare bar det i mange juleselskap, både med Ole Terje si slekt og Hanne Marte si slekt.
Undervegs kom det litt snø og då var vi raske ut for å prøve å nyte oss av den. Heldigvis, må ein nesten seie. Dagen etter var all snøen regna vekk.
Nyttår feira vi saman med mange gode vener med middag hjå familien Osdal og heime hjå oss på kvelden.
Det skal seiast at vi fekk bytta litt romfordeling i huset i jula, men sidan dette ikkje har så mykje med livet ute, har det enno ikkje blitt tatt så mykje bilde av.
Etiketter:
Barn,
besteforeldre,
familie,
friluftsliv,
julegåve,
luftetur,
ski,
Skøyter
Abonner på:
Innlegg (Atom)


