tirsdag 18. mars 2014

Vi har fått litt snø...

I helga fekk vi litt snø. Ikkje så mykje, men nok til å kunne kome seg ut på ski. Vi fekk oss fire kjekke turar ut på laurdag og søndag. Ikkje lenger enn til hagen på laurdagen, men på søndagen fekk vi kose oss i ein bakke lenger borte i gata. Ja til lokalturen og ja til skileik...

Sondre blei skikkeleg gira på hopping,og ekstra motivert vart han då vi lovde han å kjøpe og lage til ei hoppebok/skibok. Her kan han skrive opp kor mange hopp han har tatt, og kor langt han har gått. Kjekt når slike ting motiverer. Han hoppa vel over 50 hopp i løpet av helga:) Stor stas.

Håvard fann ut at det var veldig gøy å renne slalom med rattkjelken med mormor bakpå. Spesielt gøy var det når han svingte så kraftig at ho datt av i fart... Godt dei har ei sprek mormor som tåler eit fall og to:)







2 kommentarer:

  1. Herlege bilete! Det lyser lukke av ungane. :) Så kjekt at de endeleg fekk litt snø de og. Lokalturar og skileik er heilt topp! :) Kos dykk med snøen så lenge den varer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Ingebjørg!

      Eg trur gutane kosa seg. Særkilt han eldste, då han har funne stor glede i skileiken. Han yngste kjem etter han også, så det lovar veldig bra for vintrane framover. No håper vi på ein mykje betre vinter neste år.

      Skileik er absolutt etter vår tanke om skiopplæring. Her kan ein differensiere etter alder og nivå, ein får veldig god balansetrening, fartskjensle, bremseteknikk og ikkje minst god øving på fiskebein. Ein ting vi gjorde, var å køyre begge foreldra med han eldste mellom oss. Alle holdt i ein stav framfor oss. Det var veldig kjekt, sosialt og ikkje minst svært artig når han fekk hoppe og berre henge etter stavane...

      Nå håper vi på ein snørik påske med masse god tid i lag og mange fridagar med mulighet for skileik og turar. Forresten veldig kjekt å følge med på utetid.blogspot.no Flott turopplegg de har fått til. De er flinke å veilede og motivere:)

      Slett