lørdag 5. april 2014

Venner frå barnehagen

Laurdag formiddag tok vi oss ein fin liten lokaltur saman med venner av gutane frå barnehagen. Det viste seg at foreldra var minst like kjekke som borna, så det vart ein veldig kjekk tur for både store og små. Det er veldig stas å gå på tur når ein har så godt lag. Med på turen var Arve, Susanne, Lukas, Daniel og Hennie Alin

fredag 28. mars 2014

Flotte skiforhold på øya vår

Onsdag denne veka hadde pappaen i huset ein fantastisk flott skitur i fjella her på øya (Hareidlandet). Lokalavisa Vikebladet har laga ei lita reportasje/bildeserie frå turen. Her kan du sjå bildeserien

lørdag 22. mars 2014

Mykje snø i høgden

Nede i lavlandet her på øya er det lite som minner om vinter. Men, kjem ein seg opp i høgden er det overraskande mykje snø. I dag var eg og utvekslingsstudenten vår, Jiaen, på tur til Hasundhornet. Sko og akebrett viste seg å vere heilt feil fottøy i dag. Ein kan trygt seie at i alle fall eg sakna skia. Vi gjekk og vassa i snø til langt opp på låra, og aldri har ein tur opp på Hasundhornet tatt lengre tid. Men, fint var det. Og Jiaen fekk seg ei skikkeleg fjellbestigningsoppleving, sjølv om det "berre" var på Hasundhornet (533moh)






tirsdag 18. mars 2014

Vi har fått litt snø...

I helga fekk vi litt snø. Ikkje så mykje, men nok til å kunne kome seg ut på ski. Vi fekk oss fire kjekke turar ut på laurdag og søndag. Ikkje lenger enn til hagen på laurdagen, men på søndagen fekk vi kose oss i ein bakke lenger borte i gata. Ja til lokalturen og ja til skileik...

Sondre blei skikkeleg gira på hopping,og ekstra motivert vart han då vi lovde han å kjøpe og lage til ei hoppebok/skibok. Her kan han skrive opp kor mange hopp han har tatt, og kor langt han har gått. Kjekt når slike ting motiverer. Han hoppa vel over 50 hopp i løpet av helga:) Stor stas.

Håvard fann ut at det var veldig gøy å renne slalom med rattkjelken med mormor bakpå. Spesielt gøy var det når han svingte så kraftig at ho datt av i fart... Godt dei har ei sprek mormor som tåler eit fall og to:)







fredag 31. januar 2014

Fine forhold på Grimstadvatnet

I år måtte vi vente nesten heilt til februar før isen blei trygg. Det har vore ein usedvanleg tørr vinter til no her på Nordvestlandet. Vi observerer at dei som bur sør for Dovre har fått store mengder snø å boltre seg i. Og det er nesten ikkje gøy lenger å gå inn på sosiale medier eller friflyt.no, då ein blir bombardert med "tidenes beste helg", putekøyring og stadige puddervarslar. Her på Nordvestlandet varslar ein berre om tørketid og forbod mot bålbrenning.

Men, no har vi i alle fall fått is å boltre oss på. I dag fekk eldsteguten vere med rett etter barnehagen. Eigentleg var han veldig slapp, og ikkje heilt i form. Men, på isen skulle han. Dette hadde han gledd seg til så lenge. Vi måtte heller ikkje gløyme at han hadde avtalt med farmora at ho og farfar skulle vere med på isen med varme "arme riddere" og kakao.

Vi fekk ei flott stund på isen på Grimstadvatnet i Hareid. Isen er noko ruglete, særskilt inne ved land, grunna snø på isen under tilfrysinga. Men, til bruskasse-øving og klovneleik fungerte den supert. Håper at det ikkje blir mykje mildvêr framover. I så fall må det vere eit kraftig lågtrykk med mykje nedbør frå nordvest. Då skal me heller tåle å miste skøyteføret...

Nydeleg lys før sola gjekk ned
Bruskassen var god å ha i byrjinga. Etter kvart var det meir og meir stas å prøve uten
 Finare is litt lenger ute, men obs: isen er ikkje trygg over heile vatnet
 Ein heller sløv gut, men på isen berre måtte han i dag. 


Det gjeld å ligge på skjær på isen;) 

lørdag 18. januar 2014

Manglande fyrstikker og pølsebål på Eika

I dag var vi ein tur på Eika, ei flott lita øy i Ulstein kommune. Øya har ingen fastbuande lenger, men i 2008 vart det bru til øya. Eika har sidan vore eit mykje brukt turmål for dei som ynskjer ein fin tur i skog og sjøkant. Eika er ikkje plassen ein søkjer til om ein vil ha dei aller luftigaste turmåla, men det var heller ikkje det vi var ute etter denne laurdags formiddagen. Vi var ute etter å kome oss ut, vere i aktivitet, leike oss i skogen og lage oss eit "pølsebål". Vi hadde med oss farmor og farfar, og hadde ein veldig fin tur. Tida går fort når ein koser seg slik ute. Takk til gode kollegaer for turtips. Her blir det å gå igjen
Fornøgde besteforeldre som ikkje lenger bur 10 timar unna, men 10 minutt...
 Han Ivar sa mykje bra
 Minsteguten leda an mykje av turen i dag. Mestringskjensle for han å vere litt først av og til
 Nede ved sjøen fann vi litt krabberestar. Eldstemann kunne ikkje forstå kvifor pappaen ikkje ville smake
 Kjekt når farfar gir litt spikkekurs
 Det vart omsider bål. Vi trudde det berre var å gi opp, då det viste seg at fyrstikkeska var klissblaut etter sist tur. Heldigvis kom akkurat nokre hyttefolk forbi, og dei ville veldig gjerne låne vekk litt fyr.
 Stas å grille sine eigne pølser.
 Og det er helst pølser det skal vere. Vi prøvde oss med fiskekaker og laks sist båltur, men då var det litt surmuling før det viste seg at det faktisk var veldig godt det også.
 Vi prøver ofte å bruke ved vi finn i naturen, men i dag lagde vi eit bål av medbrakte gamle "møbler"
 På veg til seters møtte den minste bukken bruse eit forferdeleg troll. Heldigvis slapp han unna etter å ha bedt så fint han kunne.
 Det var verre med den største bukkene bruse. Han måtte i kamp med det store sinte trollet. Det kunne sjå ut som at han tok det med knusande ro, og at han var sikker på seier allereie før kampen
  Han vart i alle fall seierherre, og trollet såg vi aldri noko meir til. Det kan difor anbefalast ein tur på Eika, både med barnevogn og besteforeldre.

onsdag 15. januar 2014

Januarlyset

Det beste med januar er lyset. Kvar dag blir lengre, og når sola står på er det som ein kraftig lyskastar er satt inn frå sida mot naturen. Ikkje ovanfrå, men frå sida. Til og med dei spede lyngplantene som stikk opp av snøen lager lange skuggar over den bare lyngheia. Ulsteinvik er ein fantastisk fin plass å bu i januar. Ein går berre rett ut frå døra og får dette med seg på ein totimars-tur.




tirsdag 14. januar 2014

Treng ikkje alltid å gå så langt

Ein treng ikkje alltid å gå så langt for å finne eit fint motiv. I dag var det fint å berre rusle seg ein liten tur rett utanfor døra.  Månen lyste sterkt, dei normalt våte stiane var gjenfrosne og det lille snølaget vi fekk i dag gav ei nydeleg vinterstemning ute.