Viser innlegg med etiketten Skøyter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skøyter. Vis alle innlegg

fredag 31. januar 2014

Fine forhold på Grimstadvatnet

I år måtte vi vente nesten heilt til februar før isen blei trygg. Det har vore ein usedvanleg tørr vinter til no her på Nordvestlandet. Vi observerer at dei som bur sør for Dovre har fått store mengder snø å boltre seg i. Og det er nesten ikkje gøy lenger å gå inn på sosiale medier eller friflyt.no, då ein blir bombardert med "tidenes beste helg", putekøyring og stadige puddervarslar. Her på Nordvestlandet varslar ein berre om tørketid og forbod mot bålbrenning.

Men, no har vi i alle fall fått is å boltre oss på. I dag fekk eldsteguten vere med rett etter barnehagen. Eigentleg var han veldig slapp, og ikkje heilt i form. Men, på isen skulle han. Dette hadde han gledd seg til så lenge. Vi måtte heller ikkje gløyme at han hadde avtalt med farmora at ho og farfar skulle vere med på isen med varme "arme riddere" og kakao.

Vi fekk ei flott stund på isen på Grimstadvatnet i Hareid. Isen er noko ruglete, særskilt inne ved land, grunna snø på isen under tilfrysinga. Men, til bruskasse-øving og klovneleik fungerte den supert. Håper at det ikkje blir mykje mildvêr framover. I så fall må det vere eit kraftig lågtrykk med mykje nedbør frå nordvest. Då skal me heller tåle å miste skøyteføret...

Nydeleg lys før sola gjekk ned
Bruskassen var god å ha i byrjinga. Etter kvart var det meir og meir stas å prøve uten
 Finare is litt lenger ute, men obs: isen er ikkje trygg over heile vatnet
 Ein heller sløv gut, men på isen berre måtte han i dag. 


Det gjeld å ligge på skjær på isen;) 

torsdag 3. januar 2013

Julefeiring i bilde

Julefeiringa i år for familien Sukka var på hytta ved Vatnevatnet i Ørsta, saman med Hanne Marte sin familie. Utruleg kjekke dagar, der ein fann hytteroen og julestemninga i skjønn harmoni. Vesle julaftan hadde vi besøk av familien til Ole Terje, og svoger øyvind sin familie. Ved nærare ettersyn meiner Sondre at nissen hadde svært like sko som onkel Øyvind. Vidare bar det i mange juleselskap, både med Ole Terje si slekt og Hanne Marte si slekt. Undervegs kom det litt snø og då var vi raske ut for å prøve å nyte oss av den. Heldigvis, må ein nesten seie. Dagen etter var all snøen regna vekk. Nyttår feira vi saman med mange gode vener med middag hjå familien Osdal og heime hjå oss på kvelden. Det skal seiast at vi fekk bytta litt romfordeling i huset i jula, men sidan dette ikkje har så mykje med livet ute, har det enno ikkje blitt tatt så mykje bilde av.



























onsdag 12. desember 2012

Barn, skøyter, bruskasse og besteforeldre

Mange lurer kanskje på kor gamle borna må vere for å prøve seg på skøyter. Det er nok veldig individuelt, og kjem an på motivasjonen til borna. Vår 4-åring fekk prøve seg to gonger nå før snøen la seg på isen, og det var ei utruleg kjekk oppleving.

I fjor haust fekk eldsteguten i huset, Sondre, ei bok om Karsten og Petra som øvde seg på skøyter, ski og hadde ei koseleg Luciafeiring i barnehagen. Boka er både kjekk som "God natt-lesing" og til motivasjon for å lære seg å stå på ski og skøyter. Her snappa vi til dømes opp tipset om å ha med bruskasse dei første øktene. Dette fungerte heilt strålande, og var både støtte, brøytebil, pausekrakk og på- og avkledningsbenk for store og små. Boka kan du kjøpe her (gratis frakt)

Ekstra motivasjon kan det  ogsåvere å ha med seg besteforeldre med arme riddarar og varm kakao


Forslag til organisering av skøytetur:
Tidsbruk: 1-2 timar. Hugs at dei minste blir fort kalde om dei ikkje er i bevegelse
Stad: Grimstadvatnet, Hareid kommune og alle andre plasser med TRYGG skøyteis.
Sessong: Seinhaust, tidleg vinter. Ofte i november/desember. Nokre gonger også dei første månadane på året. Kjem an på om snøen har lagt seg.
Utstyr: Skøyter, bruskasse, hjelm til dei minste, varme klede, varm kakao og litt mat eller kjeks.

Rattkjelke/akebrett/barnevogn fungerer også utmerka om du har born i alderen 0-3år

Greie skøyter til dei aller minste kan kjøpast på Biltema for 100kr