torsdag 3. januar 2013

Julefeiring i bilde

Julefeiringa i år for familien Sukka var på hytta ved Vatnevatnet i Ørsta, saman med Hanne Marte sin familie. Utruleg kjekke dagar, der ein fann hytteroen og julestemninga i skjønn harmoni. Vesle julaftan hadde vi besøk av familien til Ole Terje, og svoger øyvind sin familie. Ved nærare ettersyn meiner Sondre at nissen hadde svært like sko som onkel Øyvind. Vidare bar det i mange juleselskap, både med Ole Terje si slekt og Hanne Marte si slekt. Undervegs kom det litt snø og då var vi raske ut for å prøve å nyte oss av den. Heldigvis, må ein nesten seie. Dagen etter var all snøen regna vekk. Nyttår feira vi saman med mange gode vener med middag hjå familien Osdal og heime hjå oss på kvelden. Det skal seiast at vi fekk bytta litt romfordeling i huset i jula, men sidan dette ikkje har så mykje med livet ute, har det enno ikkje blitt tatt så mykje bilde av.



























2 kommentarer:

  1. Mange flotter bilder her, ser dokke har hatt ei flott jul! Kjekt :) Satsar på å sjåast snart :)

    SvarSlett
  2. Det var ei utruleg kjekk jul, ja:) Spørs om me må ta oss ein tur til Brandal snart. Kjekt å sjå korleis de har fått det i huset:)

    SvarSlett