tirsdag 18. desember 2012

søndag 16. desember 2012

Når vi blir gamle...

Når vi blir gamle, håper vi at vi er like spreke og fornuftige som denne mannen. Sjå filmen om 75-åringen som har bygd over 500 trappetrinn for å gjere vegen opp på eit av dei lokale fjella i Osterøy trygg og tilgjengeleg for andre. Slike liker vi:)
Ein må kanskje ikkje bli gammal for å gjere slikt. Håpar i alle fall at formen er så bra at ein kan gjere noko slikt...

fredag 14. desember 2012

Nok ei liste med friske julegåvetips?

Du tenkjer kanskje: Å nei, ikkje enda ei liste med forslag til julegåver. Dei høver aldri til dei eg skal gi gåver til uansett. Kan eg ikkje berre finne ut av det sjølv...
Eg drister meg likevel til med å kome med nokre få forslag til titlar eg sjølv har satt stor pris på. Ikkje overraskande er tipsa innanfor kategorien Litt-frisk-luft. Eg skal ikkje skryte på meg å vere ein belest person, men eg deler gjerne nokre dei bøkene eg sjølv har satt stor pris på.


Hugs å bestille innan søndag (den 16.desember) kl 14, om du skal vere sikker på at gåva kjem fram til jul
Til småbarnsforeldre
"Fjellbarna"
Dette er kort og godt ein guide til familiefriluftsliv heile året. Eigentleg treng du berre lese denne, og så treng du ikkje lese denne bloggen meir. Familien Eidslott har vore mykje på tur! Dei har opplevd både sutring, kalde føtter, mislukka turar men ikkje minst har dei opplevd den store gleda det er ved å ta barna med seg ut. 

Vi har stjelt fleire tips her i frå, og boka blir nok å lese fleire gonger etter kvart som dei veks til. Boka er veldig truverdig og framstiller ikkje alt som berre rosenraudt. Dei har til og med tatt med eit eige kapittel om dei mislykka turane. 

Boka er absolutt verdt å lese, den inneheld masse flotte bilde, og den gir deg eit viktig budskap: ALLE kan kome seg ut på tur, og det treng ikkje vere så veldig langt eller bratt. Det handlar om å kome seg ut

Boka er gitt ut av Fri Flyt, er på 182 sider, kostar 349kr og kan kjøpast her (gratis frakt)

Familien har også ein eigen blogg, som er verdt eit blikk. Sjå fjellbarna.no


"Lek og lær"
Denne boka har eg faktisk ikkje lese enno. Skal prøve å få tak i den i morgon, og kan fortelje meir om den etter kvart. Gler meg til å lese den...

Boka er meint som inspirator for å kome seg ut og leike- og lære i naturen. Vel å leggje ved omtalen som turistforeningen sjølv har skrive om boka: Lek og lær er boka for deg som vi ha med deg barn i alle aldere ut i naturen. Her finner du forslag til ulike aktiviteter i tillegg til noen matoppskrifter og generelle turtips. Vi håper boka kan bidra til mer og bedre uteaktivitet i regi av Barnas Turlag, skoler, barnehager, familier og ulike klubber og organisasjoner. 

Boka kan du kjøpe på  nettbutikken til turistforeningen.no. Koster 249kr viss du er medlem (299 utan medlemsskap)


Til hyttefolket
"Det norske skieventyret"
Skrive og illustrert av kunstnaren Kristian Finborud. Boka er rikt illustrert, rettare sagt, det er ei samling av Finborud sine kunstneriske betraktningar av det norske skieventyret. Bilda har små korte og treffande kommentarer om den norske skitradisjonen. Ei utruleg festlig bok som gir god kjensle for skiturar både med og utan born.

Boka er på 96 sider, gitt ut på Skald forlag. Kan kjøpast for 199kr her (gratis frakt)

Etter mi meining: Ein klassiker som bør befinne seg i bokhylla i alle hytter med furuvegger og vedskjul.


Til bestefar eller far
"Hel ved"
Muligens eg er litt prega frå barndommen, men for meg er ved like mykje rekreasjon som det er varme. Å sjå arbeidet du har lagt ned, frå felling av treet til ferdige tørre vedkubbar knitre i peisen, er for meg ei fantastisk god kjensle. Kall meg gjerne ein ved-nerd. Eg trur ikkje eg er åleine. Boka er solgt til over 130.000 eksemplarer, og var ei av fjorårets store salsuksessar

Eg kjøpte boka til min far i farsdagsgåve, og har lånt den for å sjå om den er så bra som mange vil seie. Utruleg nok er knusktørre fakta og skildring av noko så enkelt som ved, utruleg fengande. Lars Mytting skriv på ein slik måte at eg til tider sleit med å legge vekk boka. Det seier enten noko om dyktig forfattar eller eit litt vel romantisk forhold til "skoging"-laurdagane saman med han far.

Anbefaler boka til (sorry ladies...) alle menn, og kanskje særskilt til dei som har rukke å kome i ved-alderen (60 år i følgje Mytting). 

Boka er rett som det er å få på tilbod. Anbefales å kjøpe i innbunden form og ikkje pocket, då dette er ei bok som er fin å ha i bokhylla og trekke fram ved behov og til utlåns for andre ved-nerder i omgangskretsen din.

Boka har 171 sider, er gitt ut på Kagge forlag, og er skrive og illustrert av Lars Mytting. Kan kjøpast her (gratis frakt)


Den friske halvtimen

I dag skulle Ole Terje og gutane vore i Sandnes. Slik blei det ikkje. Håvard har vore sjuk heile veka, og i natt vart det lite og ingenting søvn på han og oss. Det endte opp med avbrutt reise, legevisitt og antibiotikakur.

Nei alt blir ikkje som ein alltid har tenkt. 60+90+85års feiring og heile slekta samla, er sjelden vare, men vi satser på å komme sterkare tilbake til 70, 100 og 95års dagen:)

Det gjer utruleg godt å kome seg ut ein liten halvtime. Gjerne lenger, men det treng ikkje vere meir heller. Det gjeld å nytte og nyte dei små pausene ein kan gi seg sjølv.

I dag var anledninga soving for Håvard. Ein flott liten tur opp til Vassverket på Gamleeidet på kommunegrensa mellom Ulstein og Hareid. Utsikten utover Herøy, med Runde som flaggskipet, er fantastisk fin.

Truleg blir ikkje Håvard betre på ein-to-tre av ein slik tur, men det gir i alle fall ei frisk oppleving for foreldra.

Sender masse gratulasjonar ned til farfar Bjarne (60 år) , oldefar Gunnar (90 år) og oldemor Solveig (snart 85 år). Håper det blir ei flott feiring. Me er med i tankane...





onsdag 12. desember 2012

Barn, skøyter, bruskasse og besteforeldre

Mange lurer kanskje på kor gamle borna må vere for å prøve seg på skøyter. Det er nok veldig individuelt, og kjem an på motivasjonen til borna. Vår 4-åring fekk prøve seg to gonger nå før snøen la seg på isen, og det var ei utruleg kjekk oppleving.

I fjor haust fekk eldsteguten i huset, Sondre, ei bok om Karsten og Petra som øvde seg på skøyter, ski og hadde ei koseleg Luciafeiring i barnehagen. Boka er både kjekk som "God natt-lesing" og til motivasjon for å lære seg å stå på ski og skøyter. Her snappa vi til dømes opp tipset om å ha med bruskasse dei første øktene. Dette fungerte heilt strålande, og var både støtte, brøytebil, pausekrakk og på- og avkledningsbenk for store og små. Boka kan du kjøpe her (gratis frakt)

Ekstra motivasjon kan det  ogsåvere å ha med seg besteforeldre med arme riddarar og varm kakao


Forslag til organisering av skøytetur:
Tidsbruk: 1-2 timar. Hugs at dei minste blir fort kalde om dei ikkje er i bevegelse
Stad: Grimstadvatnet, Hareid kommune og alle andre plasser med TRYGG skøyteis.
Sessong: Seinhaust, tidleg vinter. Ofte i november/desember. Nokre gonger også dei første månadane på året. Kjem an på om snøen har lagt seg.
Utstyr: Skøyter, bruskasse, hjelm til dei minste, varme klede, varm kakao og litt mat eller kjeks.

Rattkjelke/akebrett/barnevogn fungerer også utmerka om du har born i alderen 0-3år

Greie skøyter til dei aller minste kan kjøpast på Biltema for 100kr









Eit fantastisk vêr - feber i heimen:(

Etter å ha fått inspirasjon av min gode kollega, Astrid Merete Flø Larsen, starter vi opp med ein blogg om det å kome seg ut i ein travel kvardag.

Bloggen skal rett og slett handle om det å kome seg ut i kvardagen. Alle med små born veit at dette ikkje alltid er like lett å få til. For vår familie på 4 er det heller intet unntak. Vi skulle gjerne hatt mange fleire turar og økter ute. Kanskje kan denne bloggen fungere som ein inspirasjon for deg og dine.

Den friske lufta gjer noko med oss. Det treng verken å vere ekstreme opplevingar eller lange turar. Det handler om å kome seg ut. Nokre gonger er det nok å bare vere ute i hagen og leike, mens andre gonger handlar det om å bestige høge toppar både med og utan born.

I dag er ein dag der vi gjerne skulle ha vore ute og leika oss i den lette og tørre puddersnøen på øya vår. Men, nokre gonger blir det ikkje som ein har tenkt seg. Minstemann i huset, Håvard på snart to år, har fått feber. Då får vi kose oss inne, bli fort friske og glede oss over at vêrvarselet lover kaldt og fint i mange dagar til.

Vi gler oss til å legge ut tekst, bilde og kanskje litt videoar.

Håper å inspirere deg...