fredag 14. desember 2012

Nok ei liste med friske julegåvetips?

Du tenkjer kanskje: Å nei, ikkje enda ei liste med forslag til julegåver. Dei høver aldri til dei eg skal gi gåver til uansett. Kan eg ikkje berre finne ut av det sjølv...
Eg drister meg likevel til med å kome med nokre få forslag til titlar eg sjølv har satt stor pris på. Ikkje overraskande er tipsa innanfor kategorien Litt-frisk-luft. Eg skal ikkje skryte på meg å vere ein belest person, men eg deler gjerne nokre dei bøkene eg sjølv har satt stor pris på.


Hugs å bestille innan søndag (den 16.desember) kl 14, om du skal vere sikker på at gåva kjem fram til jul
Til småbarnsforeldre
"Fjellbarna"
Dette er kort og godt ein guide til familiefriluftsliv heile året. Eigentleg treng du berre lese denne, og så treng du ikkje lese denne bloggen meir. Familien Eidslott har vore mykje på tur! Dei har opplevd både sutring, kalde føtter, mislukka turar men ikkje minst har dei opplevd den store gleda det er ved å ta barna med seg ut. 

Vi har stjelt fleire tips her i frå, og boka blir nok å lese fleire gonger etter kvart som dei veks til. Boka er veldig truverdig og framstiller ikkje alt som berre rosenraudt. Dei har til og med tatt med eit eige kapittel om dei mislykka turane. 

Boka er absolutt verdt å lese, den inneheld masse flotte bilde, og den gir deg eit viktig budskap: ALLE kan kome seg ut på tur, og det treng ikkje vere så veldig langt eller bratt. Det handlar om å kome seg ut

Boka er gitt ut av Fri Flyt, er på 182 sider, kostar 349kr og kan kjøpast her (gratis frakt)

Familien har også ein eigen blogg, som er verdt eit blikk. Sjå fjellbarna.no


"Lek og lær"
Denne boka har eg faktisk ikkje lese enno. Skal prøve å få tak i den i morgon, og kan fortelje meir om den etter kvart. Gler meg til å lese den...

Boka er meint som inspirator for å kome seg ut og leike- og lære i naturen. Vel å leggje ved omtalen som turistforeningen sjølv har skrive om boka: Lek og lær er boka for deg som vi ha med deg barn i alle aldere ut i naturen. Her finner du forslag til ulike aktiviteter i tillegg til noen matoppskrifter og generelle turtips. Vi håper boka kan bidra til mer og bedre uteaktivitet i regi av Barnas Turlag, skoler, barnehager, familier og ulike klubber og organisasjoner. 

Boka kan du kjøpe på  nettbutikken til turistforeningen.no. Koster 249kr viss du er medlem (299 utan medlemsskap)


Til hyttefolket
"Det norske skieventyret"
Skrive og illustrert av kunstnaren Kristian Finborud. Boka er rikt illustrert, rettare sagt, det er ei samling av Finborud sine kunstneriske betraktningar av det norske skieventyret. Bilda har små korte og treffande kommentarer om den norske skitradisjonen. Ei utruleg festlig bok som gir god kjensle for skiturar både med og utan born.

Boka er på 96 sider, gitt ut på Skald forlag. Kan kjøpast for 199kr her (gratis frakt)

Etter mi meining: Ein klassiker som bør befinne seg i bokhylla i alle hytter med furuvegger og vedskjul.


Til bestefar eller far
"Hel ved"
Muligens eg er litt prega frå barndommen, men for meg er ved like mykje rekreasjon som det er varme. Å sjå arbeidet du har lagt ned, frå felling av treet til ferdige tørre vedkubbar knitre i peisen, er for meg ei fantastisk god kjensle. Kall meg gjerne ein ved-nerd. Eg trur ikkje eg er åleine. Boka er solgt til over 130.000 eksemplarer, og var ei av fjorårets store salsuksessar

Eg kjøpte boka til min far i farsdagsgåve, og har lånt den for å sjå om den er så bra som mange vil seie. Utruleg nok er knusktørre fakta og skildring av noko så enkelt som ved, utruleg fengande. Lars Mytting skriv på ein slik måte at eg til tider sleit med å legge vekk boka. Det seier enten noko om dyktig forfattar eller eit litt vel romantisk forhold til "skoging"-laurdagane saman med han far.

Anbefaler boka til (sorry ladies...) alle menn, og kanskje særskilt til dei som har rukke å kome i ved-alderen (60 år i følgje Mytting). 

Boka er rett som det er å få på tilbod. Anbefales å kjøpe i innbunden form og ikkje pocket, då dette er ei bok som er fin å ha i bokhylla og trekke fram ved behov og til utlåns for andre ved-nerder i omgangskretsen din.

Boka har 171 sider, er gitt ut på Kagge forlag, og er skrive og illustrert av Lars Mytting. Kan kjøpast her (gratis frakt)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar