I dag var vi ein tur på Eika, ei flott lita øy i Ulstein kommune. Øya har ingen fastbuande lenger, men i 2008 vart det bru til øya. Eika har sidan vore eit mykje brukt turmål for dei som ynskjer ein fin tur i skog og sjøkant. Eika er ikkje plassen ein søkjer til om ein vil ha dei aller luftigaste turmåla, men det var heller ikkje det vi var ute etter denne laurdags formiddagen. Vi var ute etter å kome oss ut, vere i aktivitet, leike oss i skogen og lage oss eit "pølsebål". Vi hadde med oss farmor og farfar, og hadde ein veldig fin tur. Tida går fort når ein koser seg slik ute. Takk til gode kollegaer for turtips. Her blir det å gå igjen
Fornøgde besteforeldre som ikkje lenger bur 10 timar unna, men 10 minutt...
Han Ivar sa mykje bra
Minsteguten leda an mykje av turen i dag. Mestringskjensle for han å vere litt først av og til
Nede ved sjøen fann vi litt krabberestar. Eldstemann kunne ikkje forstå kvifor pappaen ikkje ville smake
Kjekt når farfar gir litt spikkekurs
Det vart omsider bål. Vi trudde det berre var å gi opp, då det viste seg at fyrstikkeska var klissblaut etter sist tur. Heldigvis kom akkurat nokre hyttefolk forbi, og dei ville veldig gjerne låne vekk litt fyr.
Stas å grille sine eigne pølser.
Og det er helst pølser det skal vere. Vi prøvde oss med fiskekaker og laks sist båltur, men då var det litt surmuling før det viste seg at det faktisk var veldig godt det også.
Vi prøver ofte å bruke ved vi finn i naturen, men i dag lagde vi eit bål av medbrakte gamle "møbler"
På veg til seters møtte den minste bukken bruse eit forferdeleg troll. Heldigvis slapp han unna etter å ha bedt så fint han kunne.
Det var verre med den største bukkene bruse. Han måtte i kamp med det store sinte trollet. Det kunne sjå ut som at han tok det med knusande ro, og at han var sikker på seier allereie før kampen
Han vart i alle fall seierherre, og trollet såg vi aldri noko meir til. Det kan difor anbefalast ein tur på Eika, både med barnevogn og besteforeldre.
Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg
lørdag 18. januar 2014
Manglande fyrstikker og pølsebål på Eika
Etiketter:
Barn,
Barnevogn,
bensin,
besteforeldre,
bål,
eventyr,
familie,
felles opplevingar,
friluftsliv,
leik,
mat på bål,
motivasjon,
opplæring,
ved,
vinter
lørdag 21. september 2013
Saman om opplevingar
Dette skuleåret er mammaen i huset både
student og i arbeid. Det gjer at det til tider er travelt og sjeldan dødtid
heime i huset. Særskilt ikkje for Hanne Marte sjølv. Ho har derimot blitt
veldig flink på å jobbe strukturert når ho held på, og vere veldig tilstade for
resten av familia når ho har fri.Alle som er gift med ein eller ei som
jobbar turnus, veit at ein set ekstra stor pris på dei helgene då alle er
saman. Hanne Marte er no ute i praksis, og det vil faktisk seie helgefri… Gjett
om vi nyt det! Sist helg var vi saman med familie og venner i Sandnes og denne
helga har vi kosa oss både inne og ute i lag.
Det er i ferd med å skje noko med gutane
våre for tida. Særskilt Sondre. Vi høyrer meir og meir at han spør om vi kan gå
eller sykle på turar snart. I dag var ein slik dag. Sondre kom sjølv med
forslaget om at vi skulle ut på tur for å sjøsette båtane han hadde spikra
saman i barnehagen. Vi var ikkje vanskelege å bede… Det er mykje som skal stå i
vegen dersom vi ikkje vil eller kan vere med når gutane sjølv tek initiativ til
tur.
Vi går ikkje alltid like langt på turane
våre. Betre med ein kort og god tur enn ein lang og umotiverandre tur.
Utfordringane og lengden på turane blir større og større for kvart år, faktisk
kvar mnd, så det er ikkje noko å stresse med å nå dei høgaste toppane før dei sjølv
er klare for det.
I dag gjekk vi ein slik kort tur. Sikkert
ikkje meir enn ein 5-600meter tilsaman. I god tid før avgang var Sondre klar
med sjølvpakka sekk med det sjarmerande innhaldet: brus til Håvard (han drikk
ikkje brus sjølv), teiknesaker, lego og heimesnikra båtar frå barnehagen. Vi
gjekk til den nye brua på den flotte nye turstien Vikemarka 2 - Vassverket i
Ulstein kommune. Dette er ei strålande turløype for barnefamiliar både med og
utan barnevogn. Målet med turen i dag var å sjøsette båtane og leike seg i
elva. Turen vert til undervegs. Derfor gjorde det ingenting at vi gløymte
båtane i bilen, og vi heller kunne lage kontikiflåte av bjørkegreiner. For
Håvard på 2 1/2år var brua den mest naturlege eventyrplassen, og vi kunne sjå
både små og store geiter på brua i dag.
Når vi er ute slik som i dag, så slår det
meg at dette er ei tid vi har i lag. Det er ei tid vi er saman som familie og
byggjer gode opplevingar saman. Eg tenkjer på kva det er med naturen og livet
ute som gjer at vi byggjer meir samhald enn om vi er heime i heimen. Det er nok
mange svar, men for meg vert det klart at det handlar om at vi er i lag om
noko, vi er ikkje berre i lag i same rom ein plass.
Det gjer godt for ein friluftsglad pappa å
høyre eldsteguten ved kveldsmaten like før leggetid.
”Det har vore ein bra dag i dag”.
Slike
uoppfordra kommentarar tek vi med oss vidare og gler oss til neste gode dag
saman.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


