Viser innlegg med etiketten vatn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vatn. Vis alle innlegg

fredag 31. januar 2014

Fine forhold på Grimstadvatnet

I år måtte vi vente nesten heilt til februar før isen blei trygg. Det har vore ein usedvanleg tørr vinter til no her på Nordvestlandet. Vi observerer at dei som bur sør for Dovre har fått store mengder snø å boltre seg i. Og det er nesten ikkje gøy lenger å gå inn på sosiale medier eller friflyt.no, då ein blir bombardert med "tidenes beste helg", putekøyring og stadige puddervarslar. Her på Nordvestlandet varslar ein berre om tørketid og forbod mot bålbrenning.

Men, no har vi i alle fall fått is å boltre oss på. I dag fekk eldsteguten vere med rett etter barnehagen. Eigentleg var han veldig slapp, og ikkje heilt i form. Men, på isen skulle han. Dette hadde han gledd seg til så lenge. Vi måtte heller ikkje gløyme at han hadde avtalt med farmora at ho og farfar skulle vere med på isen med varme "arme riddere" og kakao.

Vi fekk ei flott stund på isen på Grimstadvatnet i Hareid. Isen er noko ruglete, særskilt inne ved land, grunna snø på isen under tilfrysinga. Men, til bruskasse-øving og klovneleik fungerte den supert. Håper at det ikkje blir mykje mildvêr framover. I så fall må det vere eit kraftig lågtrykk med mykje nedbør frå nordvest. Då skal me heller tåle å miste skøyteføret...

Nydeleg lys før sola gjekk ned
Bruskassen var god å ha i byrjinga. Etter kvart var det meir og meir stas å prøve uten
 Finare is litt lenger ute, men obs: isen er ikkje trygg over heile vatnet
 Ein heller sløv gut, men på isen berre måtte han i dag. 


Det gjeld å ligge på skjær på isen;) 

mandag 14. oktober 2013

Den vakre hausten

Hausten 2013 har nesten bare inneheldt flotte dagar. Det har vi i familien Sukka satt stor pris på, og det har blitt ein del turar til fots og på sykkel. Avslutninga på haustferien var heller intet unntak. 


 Fantastisk fin og låg sol som møtte oss på hytta fredag ettermiddag
 Kveldsro på Vatnevatnet
 Romedalen- ein bit av det nasjonalromantiske Norge

Sykkeltur på øde grusveier
Morgonfrost
 Nabohytta si slenghuske er heilt super for både liten og stor
 Mammaen i huset sviner seg i reia
 Den gamle olabilen til morfar går enno som ei klokke
 Fisketur treng ikkje alltid innehalde fangst
 Kveldsmat på hytta med besøk av tante Judit og onkel Roar
 Om ikkje snøen er på plass, så kan vi kose oss med frosten på bakken
 Naboen satte garn, og vi fekk vere med å renske og ete fisken
 Tur til Romedalen for første gong. Det blir ikkje siste. Nydeleg plass!
Geocache-tur til Hareid via Eidet og den nye gangvegen. Meir om geocaching kjem i komande innlegg...

lørdag 21. september 2013

Saman om opplevingar

Dette skuleåret er mammaen i huset både student og i arbeid. Det gjer at det til tider er travelt og sjeldan dødtid heime i huset. Særskilt ikkje for Hanne Marte sjølv. Ho har derimot blitt veldig flink på å jobbe strukturert når ho held på, og vere veldig tilstade for resten av familia når ho har fri.Alle som er gift med ein eller ei som jobbar turnus, veit at ein set ekstra stor pris på dei helgene då alle er saman. Hanne Marte er no ute i praksis, og det vil faktisk seie helgefri… Gjett om vi nyt det! Sist helg var vi saman med familie og venner i Sandnes og denne helga har vi kosa oss både inne og ute i lag.

Det er i ferd med å skje noko med gutane våre for tida. Særskilt Sondre. Vi høyrer meir og meir at han spør om vi kan gå eller sykle på turar snart. I dag var ein slik dag. Sondre kom sjølv med forslaget om at vi skulle ut på tur for å sjøsette båtane han hadde spikra saman i barnehagen. Vi var ikkje vanskelege å bede… Det er mykje som skal stå i vegen dersom vi ikkje vil eller kan vere med når gutane sjølv tek initiativ til tur.


"Det handlar om at vi er i lag om noko, 
vi er ikkje berre i lag i same rom ein plass."

Vi går ikkje alltid like langt på turane våre. Betre med ein kort og god tur enn ein lang og umotiverandre tur. Utfordringane og lengden på turane blir større og større for kvart år, faktisk kvar mnd, så det er ikkje noko å stresse med å nå dei høgaste toppane før dei sjølv er klare for det. 

I dag gjekk vi ein slik kort tur. Sikkert ikkje meir enn ein 5-600meter tilsaman. I god tid før avgang var Sondre klar med sjølvpakka sekk med det sjarmerande innhaldet: brus til Håvard (han drikk ikkje brus sjølv), teiknesaker, lego og heimesnikra båtar frå barnehagen. Vi gjekk til den nye brua på den flotte nye turstien Vikemarka 2 - Vassverket i Ulstein kommune. Dette er ei strålande turløype for barnefamiliar både med og utan barnevogn. Målet med turen i dag var å sjøsette båtane og leike seg i elva. Turen vert til undervegs. Derfor gjorde det ingenting at vi gløymte båtane i bilen, og vi heller kunne lage kontikiflåte av bjørkegreiner. For Håvard på 2 1/2år var brua den mest naturlege eventyrplassen, og vi kunne sjå både små og store geiter på brua i dag.

Når vi er ute slik som i dag, så slår det meg at dette er ei tid vi har i lag. Det er ei tid vi er saman som familie og byggjer gode opplevingar saman. Eg tenkjer på kva det er med naturen og livet ute som gjer at vi byggjer meir samhald enn om vi er heime i heimen. Det er nok mange svar, men for meg vert det klart at det handlar om at vi er i lag om noko, vi er ikkje berre i lag i same rom ein plass.

Det gjer godt for ein friluftsglad pappa å høyre eldsteguten ved kveldsmaten like før leggetid.

”Det har vore ein bra dag i dag”. 

Slike uoppfordra kommentarar tek vi med oss vidare og gler oss til neste gode dag saman.