Viser innlegg med etiketten opplæring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten opplæring. Vis alle innlegg

lørdag 18. januar 2014

Manglande fyrstikker og pølsebål på Eika

I dag var vi ein tur på Eika, ei flott lita øy i Ulstein kommune. Øya har ingen fastbuande lenger, men i 2008 vart det bru til øya. Eika har sidan vore eit mykje brukt turmål for dei som ynskjer ein fin tur i skog og sjøkant. Eika er ikkje plassen ein søkjer til om ein vil ha dei aller luftigaste turmåla, men det var heller ikkje det vi var ute etter denne laurdags formiddagen. Vi var ute etter å kome oss ut, vere i aktivitet, leike oss i skogen og lage oss eit "pølsebål". Vi hadde med oss farmor og farfar, og hadde ein veldig fin tur. Tida går fort når ein koser seg slik ute. Takk til gode kollegaer for turtips. Her blir det å gå igjen
Fornøgde besteforeldre som ikkje lenger bur 10 timar unna, men 10 minutt...
 Han Ivar sa mykje bra
 Minsteguten leda an mykje av turen i dag. Mestringskjensle for han å vere litt først av og til
 Nede ved sjøen fann vi litt krabberestar. Eldstemann kunne ikkje forstå kvifor pappaen ikkje ville smake
 Kjekt når farfar gir litt spikkekurs
 Det vart omsider bål. Vi trudde det berre var å gi opp, då det viste seg at fyrstikkeska var klissblaut etter sist tur. Heldigvis kom akkurat nokre hyttefolk forbi, og dei ville veldig gjerne låne vekk litt fyr.
 Stas å grille sine eigne pølser.
 Og det er helst pølser det skal vere. Vi prøvde oss med fiskekaker og laks sist båltur, men då var det litt surmuling før det viste seg at det faktisk var veldig godt det også.
 Vi prøver ofte å bruke ved vi finn i naturen, men i dag lagde vi eit bål av medbrakte gamle "møbler"
 På veg til seters møtte den minste bukken bruse eit forferdeleg troll. Heldigvis slapp han unna etter å ha bedt så fint han kunne.
 Det var verre med den største bukkene bruse. Han måtte i kamp med det store sinte trollet. Det kunne sjå ut som at han tok det med knusande ro, og at han var sikker på seier allereie før kampen
  Han vart i alle fall seierherre, og trollet såg vi aldri noko meir til. Det kan difor anbefalast ein tur på Eika, både med barnevogn og besteforeldre.

mandag 28. januar 2013

Når turgleda går i generasjonar

Lisjetind i sommarprakt
Mi aller første tindeoppleving på Sunnmøre var saman med ein god venn, Magnus Hatløy, på Lisjetind i Ørsta. Turen var ikkje så vanskeleg eller særleg lang, men utsikta var majestetisk og sjølve topp-punktet var relativt luftig. I boka "Fotturar på Sunnmøre" er turen beskrive som middels tung og med litt enkel klyving. Magnus er ein ung mann med svært mykje turerfaring, og kjenner fjella på Sunnmøre betre enn dei aller fleste på vår alder. For Magnus var nok dette ikkje den heftigaste tindeopplevinga, men for meg vart dette ei sterk naturoppleving. Det gav meg noko meir enn ein vanleg fjelltur. Det gav ein ny dimensjon å føle seg liten i noko ein allereie trudde ein var kjent og trygg på.

Det har ikkje blitt så mange fleire tindar etter denne opplevinga. Det har ikkje stått på viljen eller tilgongen, vi bur nå tross alt her oppe. Det har berre ikkje blitt. Vi har vore mykje på tur og mykje på fjellet, men dei store tindane har vi ikkje trødd ned. Eg gløymer ikkje kva eg sa til Magnus på toppen av Lisjetinden denne flotte sommardagen i 2008.

"Dette er fantastisk. Dette er ein verdi eg vil gi vidare til Sondre"

Ein måned seinare var Sondre født, og sidan har tida gått nesten frå oss. Tindebestigninga har på mange måtar stått på stedet hvil, og dei store og luftige opplevingane i naturen har meir eller mindre uteblitt. Hadde nokon sagt til meg på førehand at friluftslivet og turane får eit heilt anna fokus, ville eg nok ha jatta litt med, og vore delvis enig. Innerst inne ville eg nok likevel tenkt at nei, ikkje vi. Vi skal klare å komme oss på heftige turar. Vi skal prioritere den gode kjensla det gir å vere ute i spennande og krevande terreng.

Gutane koser seg i lag på isen

Men, slik har det ikkje blitt. Fokuset og prioriteringane har blitt annaleis enn eg innerst inne trudde eg ville få. Og eg skal vere ærleg: Det har tatt tid å lære seg turgleda på nytt. Det har tatt tid og krevd trening i tolmod og fokus på dei korte beina, for å forstå at det no er slike turgleder som er dei største. Mi fantastiske kone, Hanne Marte, vil eg seie har vore mitt største forbilde på eit sunt og inspirerande turfokus saman med barn. Ho er på mange måtar tolmodigheten sjølv, og har fleire enn ein gong holdt roa og beherska seg under både påkledning og undervegs på turar i 0,3 km/t.


Matpause saman med farfar og pappa er tingen

Mange seier barn-ingen hindring. Eg vil seie: barn- eit hinder mindre... Det blir ikkje færre turar no. Det blir fleire. Turane er annaleis, men turane er meir natur enn topptur no.

Eg sa det til ein kollega i dag. Det har tatt lang tid for meg å kome til det stadiet eg er på no. Eit stadie der eg set enda større pris på dei korte turane saman med dei korte beina til gutane våre, enn dei lange turane med mine "lange" bein åleine. For nokre skjer kanskje dette automatisk, men eg lyg om eg seier at dette fokuset kom av seg sjølv når eg vart pappa. Eg trur det gjekk skikkeleg opp for meg i helga. Det slo meg når eg skifta bleie på Håvard. Eg blir ikkje lenger "oppgitt" over å måtte skifte ei bæsjebleie etter berre 100 meter på tur. Eg kjenner eg heller koser meg med den kontakten vi har, og dei gode blikka minsteguten sender meg mens vi står der og skiftar bleie i fantastisk utsikt. Det skal også nemnast at bæsjelukta er på langt nær så sterk ute som inne på eit bad.
Skifting av belie utendørs er å foretrekke, i alle fall for lukta sin del...

Turen me gjekk i helga, var ein bitteliten brøkdel av turen opp til Lisjetinden. Vi såg tinden heile vegen, og vi visste at det hadde vore fantastisk å vore på toppen denne helga også. Men, denne opplevinga fekk meg nok ein gong til å tenke på at vårt ansvar er å gi dette vidare, og ikkje berre køyre på vidare slik vi gjorde før:

Sondre har forstått at pappaen i huset er glad i å plukke never når vi er på tur. Ser vi eit tre med never er det å stoppe og plukke med seg litt i lommane, slik at vi kan ha det i neverposen neste gong vi skal brenne bål på tur. Vi har gått kanskje 50 meter, og bleia til minsten er enno ikkje fullt opp. Så ser Sondre eit tre med mykje flott og laus bjørkenever. Før eg har fått sukk for meg har han kome seg ned ei bratt skråning, gått over ein islagt bekk og klatra opp skråninga på andre sida for å kome til treet med never. Han roper for å få meg til å kome, og vi får ei roleg og god stund der vi står og plukkar massevis av god never. Han i sin høgde og eg litt lenger oppe på treet. Eg seier til Sondre at han kan hugse på det neste gong vi tenner bål, at det er han som har plukka neveren vi bruker no. Han seier seg stolt enig. Og etter eit halvminutt seier han:

"Og du pappa, kan hugse på det at det er du som har lært meg at det heiter never"

Turgleder som dukkar opp undervegs om ein tek seg tid til det

Det er då eg tenkjer at turgleda er noko som kan gis vidare i generasjonar.

Eg kan love deg at turlivet framover verken blir fritt for frustrasjon og tolmodighetsprøvar. Men, eg ser i alle fall no at det ynskjer eg å tole. Barna blir eit hinder mindre for å kome seg ut på tur i frisk luft. Så får vi heller glede oss til turane blir luftige...

Legg merke til skya. Hadde eg sett denne om eg hadde gått fort for å kome til toppen...?

lørdag 15. desember 2012