lørdag 21. september 2013

Saman om opplevingar

Dette skuleåret er mammaen i huset både student og i arbeid. Det gjer at det til tider er travelt og sjeldan dødtid heime i huset. Særskilt ikkje for Hanne Marte sjølv. Ho har derimot blitt veldig flink på å jobbe strukturert når ho held på, og vere veldig tilstade for resten av familia når ho har fri.Alle som er gift med ein eller ei som jobbar turnus, veit at ein set ekstra stor pris på dei helgene då alle er saman. Hanne Marte er no ute i praksis, og det vil faktisk seie helgefri… Gjett om vi nyt det! Sist helg var vi saman med familie og venner i Sandnes og denne helga har vi kosa oss både inne og ute i lag.

Det er i ferd med å skje noko med gutane våre for tida. Særskilt Sondre. Vi høyrer meir og meir at han spør om vi kan gå eller sykle på turar snart. I dag var ein slik dag. Sondre kom sjølv med forslaget om at vi skulle ut på tur for å sjøsette båtane han hadde spikra saman i barnehagen. Vi var ikkje vanskelege å bede… Det er mykje som skal stå i vegen dersom vi ikkje vil eller kan vere med når gutane sjølv tek initiativ til tur.


"Det handlar om at vi er i lag om noko, 
vi er ikkje berre i lag i same rom ein plass."

Vi går ikkje alltid like langt på turane våre. Betre med ein kort og god tur enn ein lang og umotiverandre tur. Utfordringane og lengden på turane blir større og større for kvart år, faktisk kvar mnd, så det er ikkje noko å stresse med å nå dei høgaste toppane før dei sjølv er klare for det. 

I dag gjekk vi ein slik kort tur. Sikkert ikkje meir enn ein 5-600meter tilsaman. I god tid før avgang var Sondre klar med sjølvpakka sekk med det sjarmerande innhaldet: brus til Håvard (han drikk ikkje brus sjølv), teiknesaker, lego og heimesnikra båtar frå barnehagen. Vi gjekk til den nye brua på den flotte nye turstien Vikemarka 2 - Vassverket i Ulstein kommune. Dette er ei strålande turløype for barnefamiliar både med og utan barnevogn. Målet med turen i dag var å sjøsette båtane og leike seg i elva. Turen vert til undervegs. Derfor gjorde det ingenting at vi gløymte båtane i bilen, og vi heller kunne lage kontikiflåte av bjørkegreiner. For Håvard på 2 1/2år var brua den mest naturlege eventyrplassen, og vi kunne sjå både små og store geiter på brua i dag.

Når vi er ute slik som i dag, så slår det meg at dette er ei tid vi har i lag. Det er ei tid vi er saman som familie og byggjer gode opplevingar saman. Eg tenkjer på kva det er med naturen og livet ute som gjer at vi byggjer meir samhald enn om vi er heime i heimen. Det er nok mange svar, men for meg vert det klart at det handlar om at vi er i lag om noko, vi er ikkje berre i lag i same rom ein plass.

Det gjer godt for ein friluftsglad pappa å høyre eldsteguten ved kveldsmaten like før leggetid.

”Det har vore ein bra dag i dag”. 

Slike uoppfordra kommentarar tek vi med oss vidare og gler oss til neste gode dag saman.

3 kommentarer:

  1. Er så enig!
    Her sliter vi litt med å få de eldste med ut på tur... Men det er så flott når vi har kommet oss opp på en fjelltopp og vi ser hvor glade de er og at de kjenner på mestringsfølelsen :)

    SvarSlett
  2. Så fin blogg! Enig i at samle familien på tur gir veldig samhold, uansett om man ikke kommer seg så langt bestandig :-)

    SvarSlett
  3. Så fint dette innlegget var. Eg er heilt einig, det er godt å vere i lag, saman. Inne er det så mykje anna som stjeler fokus, men ute er det lettar å fokusere på det samme. Takk for at de deler slike tankar!

    SvarSlett