lørdag 18. januar 2014

Manglande fyrstikker og pølsebål på Eika

I dag var vi ein tur på Eika, ei flott lita øy i Ulstein kommune. Øya har ingen fastbuande lenger, men i 2008 vart det bru til øya. Eika har sidan vore eit mykje brukt turmål for dei som ynskjer ein fin tur i skog og sjøkant. Eika er ikkje plassen ein søkjer til om ein vil ha dei aller luftigaste turmåla, men det var heller ikkje det vi var ute etter denne laurdags formiddagen. Vi var ute etter å kome oss ut, vere i aktivitet, leike oss i skogen og lage oss eit "pølsebål". Vi hadde med oss farmor og farfar, og hadde ein veldig fin tur. Tida går fort når ein koser seg slik ute. Takk til gode kollegaer for turtips. Her blir det å gå igjen
Fornøgde besteforeldre som ikkje lenger bur 10 timar unna, men 10 minutt...
 Han Ivar sa mykje bra
 Minsteguten leda an mykje av turen i dag. Mestringskjensle for han å vere litt først av og til
 Nede ved sjøen fann vi litt krabberestar. Eldstemann kunne ikkje forstå kvifor pappaen ikkje ville smake
 Kjekt når farfar gir litt spikkekurs
 Det vart omsider bål. Vi trudde det berre var å gi opp, då det viste seg at fyrstikkeska var klissblaut etter sist tur. Heldigvis kom akkurat nokre hyttefolk forbi, og dei ville veldig gjerne låne vekk litt fyr.
 Stas å grille sine eigne pølser.
 Og det er helst pølser det skal vere. Vi prøvde oss med fiskekaker og laks sist båltur, men då var det litt surmuling før det viste seg at det faktisk var veldig godt det også.
 Vi prøver ofte å bruke ved vi finn i naturen, men i dag lagde vi eit bål av medbrakte gamle "møbler"
 På veg til seters møtte den minste bukken bruse eit forferdeleg troll. Heldigvis slapp han unna etter å ha bedt så fint han kunne.
 Det var verre med den største bukkene bruse. Han måtte i kamp med det store sinte trollet. Det kunne sjå ut som at han tok det med knusande ro, og at han var sikker på seier allereie før kampen
  Han vart i alle fall seierherre, og trollet såg vi aldri noko meir til. Det kan difor anbefalast ein tur på Eika, både med barnevogn og besteforeldre.

2 kommentarer:

  1. Såg ut som ein herlige dag! :) Dokken har visst ei heilt anna årstid der oppe!

    SvarSlett
  2. Skulle gjerne hatt det litt som dokke på austsida av regnskillet... Her er plussgrader og opphald. Over middels klare for snø nå... Men, det var absolutt ein fine dag. Det er ikkje når ein er ute på slike turar at ein savner snøen mest. Det er helst når ein les alle oppdateringane på FB og andre medier om dei enorme snømengdene som har kome på austlandet. Det er då ein lurer på om vi får vinter her i det heile tatt i år... Men, det kjem vel:)

    SvarSlett