fredag 14. desember 2012

Den friske halvtimen

I dag skulle Ole Terje og gutane vore i Sandnes. Slik blei det ikkje. Håvard har vore sjuk heile veka, og i natt vart det lite og ingenting søvn på han og oss. Det endte opp med avbrutt reise, legevisitt og antibiotikakur.

Nei alt blir ikkje som ein alltid har tenkt. 60+90+85års feiring og heile slekta samla, er sjelden vare, men vi satser på å komme sterkare tilbake til 70, 100 og 95års dagen:)

Det gjer utruleg godt å kome seg ut ein liten halvtime. Gjerne lenger, men det treng ikkje vere meir heller. Det gjeld å nytte og nyte dei små pausene ein kan gi seg sjølv.

I dag var anledninga soving for Håvard. Ein flott liten tur opp til Vassverket på Gamleeidet på kommunegrensa mellom Ulstein og Hareid. Utsikten utover Herøy, med Runde som flaggskipet, er fantastisk fin.

Truleg blir ikkje Håvard betre på ein-to-tre av ein slik tur, men det gir i alle fall ei frisk oppleving for foreldra.

Sender masse gratulasjonar ned til farfar Bjarne (60 år) , oldefar Gunnar (90 år) og oldemor Solveig (snart 85 år). Håper det blir ei flott feiring. Me er med i tankane...





3 kommentarer:

  1. Trasig at dei ikkje fekk reise, men når eg veit veret der nede, var det litt betryggande å sjå at alle er på Sunnmøre ;) Håper dokke får ei god helg likevel! Klem :)

    SvarSlett
  2. Helga skal bli bra. Den er det egentlig allereie...:) God helg til dokke også!

    SvarSlett
  3. Så dumt at dokke ikkje kunne reise!
    Eg synest det er kjempe kjekt med bloggen..Gledar meg til å følgje med, veit eg kjem til å bli inspirert :) Dokke er SÅ flinke!
    God bedring til lisje vennen og god helg!

    :)

    SvarSlett