onsdag 12. desember 2012

Eit fantastisk vêr - feber i heimen:(

Etter å ha fått inspirasjon av min gode kollega, Astrid Merete Flø Larsen, starter vi opp med ein blogg om det å kome seg ut i ein travel kvardag.

Bloggen skal rett og slett handle om det å kome seg ut i kvardagen. Alle med små born veit at dette ikkje alltid er like lett å få til. For vår familie på 4 er det heller intet unntak. Vi skulle gjerne hatt mange fleire turar og økter ute. Kanskje kan denne bloggen fungere som ein inspirasjon for deg og dine.

Den friske lufta gjer noko med oss. Det treng verken å vere ekstreme opplevingar eller lange turar. Det handler om å kome seg ut. Nokre gonger er det nok å bare vere ute i hagen og leike, mens andre gonger handlar det om å bestige høge toppar både med og utan born.

I dag er ein dag der vi gjerne skulle ha vore ute og leika oss i den lette og tørre puddersnøen på øya vår. Men, nokre gonger blir det ikkje som ein har tenkt seg. Minstemann i huset, Håvard på snart to år, har fått feber. Då får vi kose oss inne, bli fort friske og glede oss over at vêrvarselet lover kaldt og fint i mange dagar til.

Vi gler oss til å legge ut tekst, bilde og kanskje litt videoar.

Håper å inspirere deg...




2 kommentarer:

  1. Hei!
    Dette er et veldig bra initiativ!
    Vi er litt i samme situasjon som dere hvor vi ønsker å bruke naturen mest mulig.

    Har tidligere blitt inspirert av bilder og oppdateringer på FB, og ser nå fram til å følge dere her også. :)

    Skal dere sørover i helgen for å feire morfar/farfar/oldefar?

    Hilsen Trond T.

    SvarSlett
  2. Me kjem sørover så sant formen til gutane er nokonlunde. Eg gler meg som ein unge:)

    Har sett at dokken er mykje ute både i nærområdet og litt lenger vekk. Kjekt å sjå og lese. Kom gjerne med innspel og kommentarar/kritiske blikk:) Me har ikkje fasitsvar, og me lærer heile året...

    Såg det var meldt snøkaos i Rogaland. Er det nokon som har eit akebrett til låns...;)? Tur ut på søndagen? Me reiser ikkje opp igjen før søndag kveld.

    SvarSlett