onsdag 12. desember 2012

Barn, skøyter, bruskasse og besteforeldre

Mange lurer kanskje på kor gamle borna må vere for å prøve seg på skøyter. Det er nok veldig individuelt, og kjem an på motivasjonen til borna. Vår 4-åring fekk prøve seg to gonger nå før snøen la seg på isen, og det var ei utruleg kjekk oppleving.

I fjor haust fekk eldsteguten i huset, Sondre, ei bok om Karsten og Petra som øvde seg på skøyter, ski og hadde ei koseleg Luciafeiring i barnehagen. Boka er både kjekk som "God natt-lesing" og til motivasjon for å lære seg å stå på ski og skøyter. Her snappa vi til dømes opp tipset om å ha med bruskasse dei første øktene. Dette fungerte heilt strålande, og var både støtte, brøytebil, pausekrakk og på- og avkledningsbenk for store og små. Boka kan du kjøpe her (gratis frakt)

Ekstra motivasjon kan det  ogsåvere å ha med seg besteforeldre med arme riddarar og varm kakao


Forslag til organisering av skøytetur:
Tidsbruk: 1-2 timar. Hugs at dei minste blir fort kalde om dei ikkje er i bevegelse
Stad: Grimstadvatnet, Hareid kommune og alle andre plasser med TRYGG skøyteis.
Sessong: Seinhaust, tidleg vinter. Ofte i november/desember. Nokre gonger også dei første månadane på året. Kjem an på om snøen har lagt seg.
Utstyr: Skøyter, bruskasse, hjelm til dei minste, varme klede, varm kakao og litt mat eller kjeks.

Rattkjelke/akebrett/barnevogn fungerer også utmerka om du har born i alderen 0-3år

Greie skøyter til dei aller minste kan kjøpast på Biltema for 100kr









4 kommentarer:

  1. For ein flotte blogg, gratulerer med ny! Denne blir kjekk å følge :)

    SvarSlett
  2. Kjekt at du vil følgje, Annika:) Gler oss til å ha ein blogg igjen. Og kjekt med eit litt anna fokus.

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå ein blogg som handlar om litt av det same som vår :). Med 2 små på omtrent same alder, så er det kjekt å sjå kva de finn på i friluft. Vi har også lurt på å prøve skøyter - og kanskje vår eldstemann er klar for nokre prøveturar. Kjem til å følgje bloggen vidare :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at de vil følgje bloggen vår. Veldig inspirerande blogg de har de også:) Flotte turar for både små og store. De virkar veldig flinke å kome dykk ut:)!

      Slett