fredag 31. januar 2014

Fine forhold på Grimstadvatnet

I år måtte vi vente nesten heilt til februar før isen blei trygg. Det har vore ein usedvanleg tørr vinter til no her på Nordvestlandet. Vi observerer at dei som bur sør for Dovre har fått store mengder snø å boltre seg i. Og det er nesten ikkje gøy lenger å gå inn på sosiale medier eller friflyt.no, då ein blir bombardert med "tidenes beste helg", putekøyring og stadige puddervarslar. Her på Nordvestlandet varslar ein berre om tørketid og forbod mot bålbrenning.

Men, no har vi i alle fall fått is å boltre oss på. I dag fekk eldsteguten vere med rett etter barnehagen. Eigentleg var han veldig slapp, og ikkje heilt i form. Men, på isen skulle han. Dette hadde han gledd seg til så lenge. Vi måtte heller ikkje gløyme at han hadde avtalt med farmora at ho og farfar skulle vere med på isen med varme "arme riddere" og kakao.

Vi fekk ei flott stund på isen på Grimstadvatnet i Hareid. Isen er noko ruglete, særskilt inne ved land, grunna snø på isen under tilfrysinga. Men, til bruskasse-øving og klovneleik fungerte den supert. Håper at det ikkje blir mykje mildvêr framover. I så fall må det vere eit kraftig lågtrykk med mykje nedbør frå nordvest. Då skal me heller tåle å miste skøyteføret...

Nydeleg lys før sola gjekk ned
Bruskassen var god å ha i byrjinga. Etter kvart var det meir og meir stas å prøve uten
 Finare is litt lenger ute, men obs: isen er ikkje trygg over heile vatnet
 Ein heller sløv gut, men på isen berre måtte han i dag. 


Det gjeld å ligge på skjær på isen;) 

4 kommentarer:

  1. Vakkert lys og nydelege bilete! Skøyting er verkeleg moro, og bruskassetrikset er genialt. Her har vi (dessverre?) fått mildver no, så eg tør ikkje håpe på meir skøytetid denne sesongen. Heldigvis har vi snøsikkert fjell like i nærleiken, så skisesongen held i alle fall lenge. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kjekk tilbakemelding. Bruskassa fungerer veldig bra. Og etterkvart vil den nok bli meir som ein god krakk eller ein leikeplog. Heldige dokke som har snøsikkert fjell i nærleiken. Her er det 10 plussgrader og regn no. Håper på at vinteren snart kjem til Sunnmøre.

      Slett
  2. Nydelige bilder! Så utrolig kjekt ut :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Ja, det var veldig kjekt. Det varte berre i 3 dagar, så forsvann isen igjen. Slik er det her på Sunnmøre, så då gjeld det å nyte og nytte dagane når vi har dei...

      Slett