tirsdag 15. januar 2013

Hyttetur i mange kalde

I helga var vi på hyttetur til hytta vår (mormor) nedanfor Bondalen i Ørsta. Det var eit heilt fantastisk strålande vintervêr, berre snøen mangla. Det er noko eige med det å reise inn på hytta rett etter jobb ein fredag ettermiddag. Både mamma og pappa i huset er slitne etter ei lang arbeidsveke, og gutane er superklar for litt god fritid i lag alle saman.

Vel inne på hytta hadde mormor fyrt i peisen og laga det koseleg til vi skulle kome. Vi fekk laga oss ein deilig tacomiddag før gutane fann senga for kvelden. Det var ikkje vanskeleg å sovne denne kvelden. Snakk om luksus.

Besøk 
Lørdag morgon fekk vi besøk av familien Goksøyr. Dei hadde med seg primus, og vi fekk laga oss deilige pannekaker ute. Til tross for rundt 10 kalde, var vi ute i mange timar denne dagen, og både små og store kosa seg veldig i finvêret.


Isvandring
Familien Sukka og mormor fekk oss ein veldig trivelig tur oppover mot Brekkesetra. Dette er ein tur som kan anbefalast for både korte og lengre bein. Vi gjekk ikkje heile turen denne gongen, men kanskje vi er klare for å kome oss heilt opp til setra til sommaren. Stien er flott hellelagt av Hans I Brekke, og det er til og med sett opp ein minnestein i starten av stien. Ynskjer du å prøve denne turen, kan du sjå på dette kartet. Starten går like ved Brudavolltunet i Ørsta kommune.



På turen var isvandring det store. Spesielt for Håvard. Han kunne nesten ikkje få nok av det å prøve å kome seg fram på isen. Kjekt når det går an å finne på noko så spennande, sjølv om det er glatt og snøen manglar.























Middag og stamp
På kvelden fekk vi besøk av Andreas og Eli Marte og ei kollega av Eli Marte (Silje). Vi kosa oss med god mat og avslutta kvelden med ein varm og god stamp i 9 minusgrader og ein stjernehimmel av dei sjeldne. 

Nedkjølt 
Søndagen pakka vi og reiste heim igjen til øya. På veg heim tok vi ein tur opp på Hasundhornet saman med Eli Marte, Andreas og to barn dei passa på. Og kan legge til at vi var egentlig saman med nesten alle andre på øya. Har aldri sett så mange på Hasundhornet før nokon gong. Sondre var veldig flink og gjekk heile turen opp uten å klage ein einaste gong. Når han til og med fekk spørsmål om han ville ha litt bensin på vegen, var han mest klar for å kome opp til toppen og sjå om nissen var der eller om han hadde tatt turen ned i varden og vidare opp til Nordpolen.

Verre var det med han Håvard. Turen vart litt i tyngste laget for så små bein, så han blei sittande på ryggen til Hanne Marte det meste av turen opp. Det skulle vise seg at vi hadde kledd for lite på han, og han blei skikkeleg kald etter kvart. Vi fekk pakka han godt inn i ein isolert fjellduk på toppen, men det var nok litt for seint. Guten var allerede godt nedkjølt.

Då var det bare å sette han på ryggen, ta fjellduken over oss og gå fort ned igjen til bilen. Det er ikkje så lett å vere liten når ein ikkje kan få sagt i frå om at ein er kald, og ein kanskje ikkje kjenner så mykje før ein er veldig kald.

Vel heime var det veldig deilig å kunne legge seg under dyna med beina på magen til mamma og Brannmann Sam på mobilen. Ein halvtime seinare var alt gløymt og humøret på topp igjen. Moralen frå turen var: det er godt vi lærer av dei små feila, slik at vi kan unngå dei store feila.

1 kommentar:

  1. Spennende å lese! Godt når det går godt:-) det ser ut som både små og store opplever mye gøy!


    Magnar selstø

    SvarSlett