mandag 28. januar 2013

Når turgleda går i generasjonar

Lisjetind i sommarprakt
Mi aller første tindeoppleving på Sunnmøre var saman med ein god venn, Magnus Hatløy, på Lisjetind i Ørsta. Turen var ikkje så vanskeleg eller særleg lang, men utsikta var majestetisk og sjølve topp-punktet var relativt luftig. I boka "Fotturar på Sunnmøre" er turen beskrive som middels tung og med litt enkel klyving. Magnus er ein ung mann med svært mykje turerfaring, og kjenner fjella på Sunnmøre betre enn dei aller fleste på vår alder. For Magnus var nok dette ikkje den heftigaste tindeopplevinga, men for meg vart dette ei sterk naturoppleving. Det gav meg noko meir enn ein vanleg fjelltur. Det gav ein ny dimensjon å føle seg liten i noko ein allereie trudde ein var kjent og trygg på.

Det har ikkje blitt så mange fleire tindar etter denne opplevinga. Det har ikkje stått på viljen eller tilgongen, vi bur nå tross alt her oppe. Det har berre ikkje blitt. Vi har vore mykje på tur og mykje på fjellet, men dei store tindane har vi ikkje trødd ned. Eg gløymer ikkje kva eg sa til Magnus på toppen av Lisjetinden denne flotte sommardagen i 2008.

"Dette er fantastisk. Dette er ein verdi eg vil gi vidare til Sondre"

Ein måned seinare var Sondre født, og sidan har tida gått nesten frå oss. Tindebestigninga har på mange måtar stått på stedet hvil, og dei store og luftige opplevingane i naturen har meir eller mindre uteblitt. Hadde nokon sagt til meg på førehand at friluftslivet og turane får eit heilt anna fokus, ville eg nok ha jatta litt med, og vore delvis enig. Innerst inne ville eg nok likevel tenkt at nei, ikkje vi. Vi skal klare å komme oss på heftige turar. Vi skal prioritere den gode kjensla det gir å vere ute i spennande og krevande terreng.

Gutane koser seg i lag på isen

Men, slik har det ikkje blitt. Fokuset og prioriteringane har blitt annaleis enn eg innerst inne trudde eg ville få. Og eg skal vere ærleg: Det har tatt tid å lære seg turgleda på nytt. Det har tatt tid og krevd trening i tolmod og fokus på dei korte beina, for å forstå at det no er slike turgleder som er dei største. Mi fantastiske kone, Hanne Marte, vil eg seie har vore mitt største forbilde på eit sunt og inspirerande turfokus saman med barn. Ho er på mange måtar tolmodigheten sjølv, og har fleire enn ein gong holdt roa og beherska seg under både påkledning og undervegs på turar i 0,3 km/t.


Matpause saman med farfar og pappa er tingen

Mange seier barn-ingen hindring. Eg vil seie: barn- eit hinder mindre... Det blir ikkje færre turar no. Det blir fleire. Turane er annaleis, men turane er meir natur enn topptur no.

Eg sa det til ein kollega i dag. Det har tatt lang tid for meg å kome til det stadiet eg er på no. Eit stadie der eg set enda større pris på dei korte turane saman med dei korte beina til gutane våre, enn dei lange turane med mine "lange" bein åleine. For nokre skjer kanskje dette automatisk, men eg lyg om eg seier at dette fokuset kom av seg sjølv når eg vart pappa. Eg trur det gjekk skikkeleg opp for meg i helga. Det slo meg når eg skifta bleie på Håvard. Eg blir ikkje lenger "oppgitt" over å måtte skifte ei bæsjebleie etter berre 100 meter på tur. Eg kjenner eg heller koser meg med den kontakten vi har, og dei gode blikka minsteguten sender meg mens vi står der og skiftar bleie i fantastisk utsikt. Det skal også nemnast at bæsjelukta er på langt nær så sterk ute som inne på eit bad.
Skifting av belie utendørs er å foretrekke, i alle fall for lukta sin del...

Turen me gjekk i helga, var ein bitteliten brøkdel av turen opp til Lisjetinden. Vi såg tinden heile vegen, og vi visste at det hadde vore fantastisk å vore på toppen denne helga også. Men, denne opplevinga fekk meg nok ein gong til å tenke på at vårt ansvar er å gi dette vidare, og ikkje berre køyre på vidare slik vi gjorde før:

Sondre har forstått at pappaen i huset er glad i å plukke never når vi er på tur. Ser vi eit tre med never er det å stoppe og plukke med seg litt i lommane, slik at vi kan ha det i neverposen neste gong vi skal brenne bål på tur. Vi har gått kanskje 50 meter, og bleia til minsten er enno ikkje fullt opp. Så ser Sondre eit tre med mykje flott og laus bjørkenever. Før eg har fått sukk for meg har han kome seg ned ei bratt skråning, gått over ein islagt bekk og klatra opp skråninga på andre sida for å kome til treet med never. Han roper for å få meg til å kome, og vi får ei roleg og god stund der vi står og plukkar massevis av god never. Han i sin høgde og eg litt lenger oppe på treet. Eg seier til Sondre at han kan hugse på det neste gong vi tenner bål, at det er han som har plukka neveren vi bruker no. Han seier seg stolt enig. Og etter eit halvminutt seier han:

"Og du pappa, kan hugse på det at det er du som har lært meg at det heiter never"

Turgleder som dukkar opp undervegs om ein tek seg tid til det

Det er då eg tenkjer at turgleda er noko som kan gis vidare i generasjonar.

Eg kan love deg at turlivet framover verken blir fritt for frustrasjon og tolmodighetsprøvar. Men, eg ser i alle fall no at det ynskjer eg å tole. Barna blir eit hinder mindre for å kome seg ut på tur i frisk luft. Så får vi heller glede oss til turane blir luftige...

Legg merke til skya. Hadde eg sett denne om eg hadde gått fort for å kome til toppen...?

7 kommentarer:

  1. Godt skrive, Ole! Med innsikt. Det var ein flott tur på eit flott fjell! Det kan nok kome ein dag då det er min tur å gjere desse refleksjonane.. Uansett - meir tur ilag må me få til! Flott "symbolsk" med turen på vei mot Lisjetinden med gutta på søndag. Søndre set fint ord på det. Det er du som har lært han kva never er. Du kjem til å lære han telemark. Du kjem til å vere med på den fyrste store toppen.

    Hald fram som du stemnar, Ole!

    SvarSlett
  2. Meir tur i lag framover blir det, ja:) Takk for kjekk tilbakemelding. Gler meg til å lære både Sondre og Håvard ski. Om det blir laus hæl eller ikkje, får dei bestemme sjølv;) Laus snø skal det i alle fall bli...

    SvarSlett
  3. Ja, Håvard også sjølvsagt! Dei bestemmer nok fort telemark sjølv, sidan pappa har det;) Men alpint fyrst kan vere bra. Uansett - ute- og skigleda, det er den det gjeld fyrst og fremst:)

    SvarSlett
  4. Hei! Kjempe koselig blogg :) masse uteaktiviteter ilag og friske unger :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å få tilbakemelding. Vi koser oss med frisk luft, ja:) Nå venter vi på snøen, som har latt vente på seg denne vinteren her på Sunnmøre...

      Slett
  5. Veldig godt skrive! Kjenner meg utruleg godt igjen i tankane og refleksjonane dine - har tenkt og følt det same! Og ja, det blir ikkje færre turar med barn, men kanskje fleire. Vår oppsummering av 2012 viste at vi har vore meir på tur enn nokon gong - men det er ikkje toppturane som pregar lista nett no. Men så set vi kanskje også endå større pris på dei "få" toppturane vi faktisk får til. Og så har vi i tillegg mange fantastiske (na)turopplevingar med borna våre å sjå tilbake på :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir ikkje færre turar, nei. Sikkert ikkje dumt å føre litt turdagbok, og kunne sjå seg litt tilbake på det ein har gjort i løpet av eit år. Vil tru det er ein kjekk ting å gjere saman med familia. Då kan ein glede seg på nytt over dei kjekke tur- og uteopplevingane ein har hatt.

      Her håper vi på snø, slik at vi snart får starte topptursessongen på Sunnmøre. Det blir kanskje ikkje så mange toppturar, men det er verkeleg vitamininnsprøyting dei turane ein får til.

      Slett